Fjord1 Buss Møre AS overtek Bybussen i Ålesund, Flybussen og Fastlandsbussen
Den einaste endringa passasjerane vil merke er bussar med ny logo og eit nytt billettsystem – kollektivkortet.
- Når Fjord1 Buss Møre overtek drifta i Ålesund og Giske 1. januar 2012 blir det med same rutetilbodet som i dag, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune. Den einaste endringa passasjerane vil merke er bussar med ny logo og eit nytt billettsystem – kollektivkortet.
Ønskjer dialog med brukarane
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for utvikling av rutetilbodet, og sjølv om mange har etterspurt eit utvida rutetilbod i Ålesund i samband med anbodet har fylkeskommunen valt å vidareføre dagens tilbod utan endringar. -Hovudgrunnen til dette er at Ålesund er det området i fylket som har det klart beste busstilbodet i dag, og at vi ikkje har tilstrekkelig kunnskap om marknaden til å gjere betringar i dette tilbodet no. Saman med operatør og brukarar ønskjer fylkeskommunen å utvikle tilbodet, og vi ønskjer at dei som har meiningar om busstilbodet gir tilbakemelding til oss om dette, seier Fuglset vidare.
Nytt billettsystem – kollektivkortet frå 1. januar
Nytt billettsystem er tatt i bruk på Nordmøre og i Romsdal, og frå 1. januar utvidar ein området til Ålesund, Giske og Sula. Det nye billettsystemet skal gi fylkeskommunen større kunnskap om trafikken, og det skal bidra til enklare og raskare billettering.
Fjord1 Buss Møre fekk anbodet og leiger lokale med Nettbuss Møre i Vågaveien, der dei har lokal trafikkleiing, vask og parkering av dei fleste bussane.
Oppdatert: 21.12.11
