Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Fleire bussavgangar til og frå Jendem, Aukra og Midsund frå 1. januar

Kontaktpersonar

Kristine Vikhagen Kristine Vikhagen
Rådgivar
71 28 02 54 /
Mob. 917 45 487
Send e-post

Fleire bussavgangar til og frå Jendem, Aukra og Midsund frå 1. januar

Frå og med 1. januar tek FRAM over rute- og skolekøyringa i Fræna, Eide, Midsund og Aukra kommune. Da blir det fleire avgangar til og frå Jendem, Aukra og Midsund.

Etter nyttår blir det 14 daglege avgangar frå Jendem til Molde, med siste avgang kl. 19.45 på kvardagar. Det vil bli 13 daglege avgangar med forbindelse til Aukra, og 11 daglege avgangar med forbindelse til Midsund.

Blå og kvite FRAM-bussar

- Reisande vil sjå at bussane blir blå og kvite, og merka med FRAM-logoen slik som i resten av fylket, seier Kristine Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er Boreal som vil køyre rutene frå januar, men mange av dei same sjåførane vil fortsette å køyre bussane, legg Vikhagen til.

- Sidan alle bussane vil sjå like ut, er det viktig at dei reisande er merksame på lysskilta foran og på sida av bussane. På lysskilta vil det vere informasjon om kva for rutenummer og destinasjon bussane har, seier Vikhagen.

- Vi vil jobbe kontinuerleg med å forbetre rutene og ønsker tilbakemeldingar, avsluttar Vikhagen.

I kontrakten har fylkeskommunen set krav til nye bussar med universell utforming, miljø og sanntidsinformasjon på fleire av rutene.

All køyring sett ut på anbod

- Frå og med 1. januar 2017 er all rute- og skolekøyring sett ut på anbod i fylket gjennom kollektivnamnet vårt FRAM, seier samferdselsjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

For meir informasjon om rutetider og tilbodet, sjå frammr.no