Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Frå kilometertakst til sonetakst

Frå kilometertakst til sonetakst

-For å få eit samordna billetteringssystem på kollektivreiser i fylket, vil vi i løpet av første halvdel av 2012 innføre sonetakst på alle bussar i Møre og Romsdal, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.  

Buss

Overgangen frå kilometertakst til sonetakst har skjedd gradvis siste halvdel av 2011 med sonetakst både på Nordmøre og i Romsdal, no i 2012 er det Sunnmøre som står for tur. Allereie 1. januar gjekk ein over frå kilometertakst til sonetakst på Bybussen i Ålesund, Flybussen og Fastlansdsbussen. Frå 1. februar står områda nord for Storfjorden for tur. – Vi har ei målsetting om at vi i løpet av april skal ha implementert systemet på Søre Sunnmøre, slik at heile Møre og Romsdal har eit felles billetteringssystem med sonetakst, seier Fuglseth vidare.

Fast minstetakst

-Med det nye billetteringssystemet har vi innført ein minstetakst på buss for enkeltbillettar, denne er 30,- kroner for vaksne, og 15,- kroner for born. I tillegg har vi valt å innføre ei fem-krone avrunding, slik at vi får vekk kronestykka frå bussane.  Ein av grunnane til det er at vi ønskjer ei mest muleg effektiv påstigning og billettering, seier Fuglseth. Han fortel at takstsonene er tilpassa i samarbeid med rutebilselskapa for å gjere overgangen fornuftig i forhold til dei reisande, samtidig som selskapa ikkje får svikt i inntektene. - For dei fleste reisande har overgangen frå kilometertakst til sonetakst hatt liten innverknad på billettprisen. For nokre har det blitt litt rimeligare, og for eit fåtal som må krysse ei eller fleire soner har det blitt ein takstauke. Det er sjølvsagt beklageleg at nokre få får auka billettpris, men med innføring av eit sonesystem er det dessverre umuleg å unngå, seier han.
 

Kollektivkort og studentrabatt

I samband med innføring av det nye billetteringssystemet, har fylkeskommunen innført Kollektivkortet. Dette kortet kan ein nytte både som ungdomskort, periodekort, miljøkort og som eit reisepengekort. - Dersom ein fyller på kortet som reisepengekort, vil ein få rabattar på enkeltreiser. Minsteprisen for å fylle opp eit reisepengekort er kr. 200,-. I tillegg har vi tatt omsyn til studentar, og fått endra studentrabatten på periodekort til også å gjelde studentar over 30 år. Det nye billetteringssystemet er og innført på hurtigbåtane i fylket, og utfordringar knytt til gjennomgåande billettering og rabattar for reisande som ein opplevde tidlegare, blir no ikkje lenger eit problem, avsluttar Fuglset.

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 25 87 46 /
Mob. 915 30 085
Send e-post