Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Grønt lys for førehandsinnkrevjing

Grønt lys for førehandsinnkrevjing

Stortinget godkjente førehandsinnkrevjing av bompengar til fv. 659 Nordøyvegen i handsaminga av statsbudsjettet for neste år. [13.12.2011]

Oversiktskart Nordøyvegen

Oversiktskart Nordøyvegen

Bompengeselskapet Nordøyvegen AS og Vegdirektoratet skal no inngå ein avtale om innkrevjing av bompengar.  Deretter sender bompengeselskapet søknad om godkjenning av takst og rabattsystem, basert på Stortingsvedtaket, til Vegdirektoratet.

Rutene det skal krevjast inn bompengar på er:

  • Skjeltene-Haramsøya-Lepsøya (unnateke strekninga til Store Kalvøy)
  • Brattvåg-Harøya-Fjørtofta (gjelde alle strekningar til og frå Harøya og Fjørtofta)

Førehandsbompengane inneber eit påslag på billetten tilsvarande tre takstsoner for alle takstgrupper. Det kan maksimalt krevjast inn bompengar på førehand i tre år før eventuelt vedtak om bygging av prosjektet.

Det er berekna at førehandsinnkrevjinga skal bidra med 9 mill. kr til prosjektet i løpet av treårsperioden. Innkrevjinga startar tidlegast opp i februar-2012.

Kontaktpersonar

Magne Arild Vinje Magne Arild Vinje
ass. samferdselssjef
71 25 87 48 /
Mob. 913 78 582
Send e-post
Lage Lyche Lage Lyche
Seksjonsleiar - infrastruktur
71 25 87 02 /
Mob. 934 93 402
Send e-post