Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Hyppigare avgangar Sula-Langevåg-Ålesund frå 1. januar

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post
Inge Rønstad
Rådgivar drift
71 28 02 48 /
Mob. 986 84 151
Send e-post

Hyppigare avgangar Sula-Langevåg-Ålesund frå 1. januar

- No blir det halvtimesavgangar mellom Langevåg og Ålesund i rushtida, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Det vil gå buss til og frå Langevåg til alle hurtigbåtavgangane, og bussrutene er tilpassa hurtigbåtruta. –Dette gjer det enkelt for dei reisande, seier Lillevevang

Fleire avgangar med buss og hurtigbåt
Endringane trer i kraft frå 1. januar og inneber både fleire hurtigbåtavgangar og fleire bussavgangar. I periodane 06.30 - 10.00 og 14.00 - 17.00 blir det halvtimesavgangar, medan det utanom rushtida er timesavgangar.

Det blir buss til og frå Langevåg i samband med alle avgangar på hurtigbåten, og busstidene er justert slik at det er betre korrespondanse med båten begge vegar. Bussen skal være inne om lag fem minutt før båten skal gå frå Langevåg, og ventar på passasjerar som kjem frå Ålesund. Hurtigbåten ventar også inntil tre minutt, dersom bussen er forseinka.

Nye rutehefte
FRAM lagar ein egen rutetabell for Langevåg og Sula med informasjon om både buss og hurtigbåt. Rutetabellen finn du på frammr.no, og det blir og lagt ut rutehefte på hurtigbåten og på buss.