Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Ikkje lenger takstfritak for elbilar på fylkesvegferjene

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Ikkje lenger takstfritak for elbilar på fylkesvegferjene

Frå 1. mars er takstfritaket for el-bilar på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal oppheva. Då skal elbilar betale vanleg takst.

Foto: Terje Aamodt

Samferdselsutvalet vedtok i går å oppheve takstfritaket for elbilar. Det betyr at elbilar skal betale det same som andre køyretøy på fylkesvegferjene. Møre og Romsdal fylkeskommune har takstmynde for fylkesvegferjene, og fylkeskommunen meiner at tida no er inne for at også elbilar skal betale for den plassen dei tar opp på ferjedekket.

- Elbilane er i dag, med få unntak, like store og tek opp like stor plass på ferjedekket som andre personbilar i takstlengde «inn til 6 meter». I påvente av at Riksregulativet for ferjetakstar skal bli endra, vel vi i denne omgang å oppheve takstfritaket, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.      
Møre og Romsdal vert no det tredje fylket som innfører full takst for elbilar.