Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Informasjon om den ordinære biltaksten for elbil

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Informasjon om den ordinære biltaksten for elbil

Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok 8. februar 2017 å innføre ordinær biltakst for elbilar på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal. Endringa gjeld frå onsdag 1. mars 2017.

ferje ferge fram

Foto: Terje Aamodt

Bakgrunn

Det betyr at elbilar skal betale det same som andre køyretøy på fylkesvegferjene kor Møre og Romsdal fylkeskommune har takstmynde. Møre og Romsdal fylkeskommune er med denne endringa det tredje fylket som innfører full takst for elbilar. Endringa gjeld følgjande ferjesamband:

01 Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya 02 Årvik – Koparneset 06 Hareid – Sulesund 08 Volda – Laustad
09 Hundeidvika - Festøya 12 Sæbø – Lekneset – Skår – Trandal – Standal 13 Magerholm - Sykkylven 14 Stranda – Liabygda
15 Eidsdal – Linge 21 Skjeltene – Lepsøya – Haramsøya 22 Brattvåg – Dryna – Fjørtofta – Harøya 30 Solholmen – Mordalsvågen
31 Aukra – Hollingsholmen 32 Småge – Orta – Finnøya – Sandøya – Ona 34 Molde – Sekken 36 Åfarnes – Sølsnes
46 Kvanne – Rykkjem 49 Arasvika – Henneset 50 Seivika – Tømmervåg 54 Edøya - Sandvika
 
Unntak

På riksvegferjer vil det ikkje bli implementert endringar før Stortinget vedtar nytt Riksregulativ for ferjetakstar. Her vil elbilar fram til vedtak fortsatt reise utan at køyretøyet blir billettert, der førar og passasjerar betalar passasjertakst etter vanlege reglar. Dette gjeld følgjande ferjesamband:

11 Festøya – Solavågen 10 Folkestad – Volda 33 Molde – Vestnes 48 Halsa – Kanestraum
 
Refusjon av periodekort

Elbilistar som har kjøpt periodebillettar med gyldigheit lenger enn til 1. mars 2017, vil få refundert restverdien på korta sine. Refusjonskrav kan du sende til rederiet som har laga periodekortet.

Innkrevjing av bompengar

For rute 21 Skjeltene – Lepsøya – Haramsøya vil elbilar vere fritatt for førehandsinnkrevjing av bompengar for Nordøyvegen. Elbilar på ruta vil bli billettert ordinær takst for ferjestrekninga.

For rute 22 Brattvåg – Dryna – Fjørtofta – Harøya blir den ordinære bompengeinnkrevinga for alle køyretøy oppheva frå 28. februar 2017. Elbilar på ruta vil bli billettert ordinær takst for ferjestrekninga.

Har du spørsmål om dette?

Ta kontakt med FRAM Kundesenter på telefon 177 eller send e-post til fram@mrfylke.no