Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Kollektivkortet – eit kort med fleire muligheiter

Kollektivkortet – eit kort med fleire muligheiter

Det nye Kollektivkortet er no i ferd med å bli implementert i Møre og Romsdal. I tillegg til at kortet erstattar det tradisjonelle ungdomskortet, miljøkortet og periodekortet, er Kollektivkortet også eit rabattkort for enkeltreiser.

Kollektivkortet

I samband med at ein no går over til eit nytt elektronisk billetteringssystem for buss og hurtigbåtar i Møre og Romsdal, kan ein no nytte eit elektronisk kollektivkort som gir reisande muligheit til å kjøpe ulike rabatterte produkt.

Kollektivkortet kan i dag nyttast som:

  • Ungdomskort – kr. 390,- per månad
  • Miljøkort
  • Periodekort (månadskort)
  • Enkeltreiser (minimum 17 % rabatt på kvar reise)

Kollektivkortet kan tingast på kollektivkortet.no, eller på Trafikkterminalane i fylket.

For meir informasjon om Kollektivkortet, sjå www.kollektivkortet.no

Kontaktpersonar

Bjørnar Kvalsnes Bjørnar Kvalsnes
Rådgivar
71 25 86 71 /
Mob. 920 31 435
Send e-post
Rolf Stavik
Rådgivar
71 25 87 49
Send e-post