Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Kollektivtilbodet blir styrka i Ålesunds-regionen

Kontaktpersonar

Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Rådgivar drift
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post
Inge Rønstad
Rådgivar drift
71 28 02 48 /
Mob. 986 84 151
Send e-post

Kollektivtilbodet blir styrka i Ålesunds-regionen

-Kollektivtilbodet i Ålesunds-regionen blir brukt av svært mange, og vi er derfor ekstra glade for at vi frå 2017 kan gjere tilbodet enda betre, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.  

Fylkestinget sa denne veka ja til forslaget om sju millionar til kollektivsatsing i Ålesunds-regionen. 

Fylkestinget sa denne veka ja til forslaget om sju millionar til kollektivsatsing i Ålesunds-regionen. I løpet av 2017 vil reisande i dette området nyte godt av store forbetringar i kollektivtilbodet.

 

Buss til og frå alle hurtigbåtavgangar Langevåg-Ålesund

Allereie frå 2. januar kjem dei første endringane. Då blir det buss til og frå alle hurtigbåtavgangane mellom Langevåg og Ålesund. Dette vil gjere det meir effektivt for pendlarar å bruke buss til hurtigbåten.

 

Fleire endringar frå 1. mai

Dei fleste endringane trer i kraft når ny rutetermin startar 1. mai. Frå denne datoen blir kollektivtilbodet styrka på mange område:

  • Kvartersavgangar på strekninga Moa - Ålesund til kl. 24.00
  • Ekstrabussar på dei aller fleste avgangane Moa-Ålesund i rushtrafikken
  • Ekstrabussar i rushtida til/frå Giske kommune (Ytterland)
  • Kveldsavgang til Vigra/Valderøya frå Ålesund sentrum
  • Auka tilbod til Alnes, mellom anna to avgangar på søndagar
  • Alnes kjem også inn som ein av rundturane i turistsatsinga «Travel like the locals»
  • Betra tilbod for arbeidspendling om sommaren
  • Auka tilbod på søndagar med rutestart kl. 06.30 og halvtimes avgangar midt på dagen
  • Betre korrespondanser på Magerholm

Godt samarbeid med kommunar og reisande

- Vi har eit godt samarbeid med kommunane i regionen og med store kundegrupper som studentar, skoleungdom og arbeidsreisande. Innspel frå alle desse grupperingane har vore viktig, når vi har bestemt kva slags tiltak vi skal prioritere, seier Aarskog som har ansvar for planlegginga av kollektivtilbodet på Sunnmøre.

Fylkespolitikarane er opptatt av kollektivsatsing

- No er fylkeskommunen i ferd med å få til ei skikkeleg satsing på kollektivtilbodet i fylket generelt og i Ålesundsregionen spesielt, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim. Prosjektet i Ålesundsregionen skal bli følgt opp, og følgt med argusauge også frå oss politikarane, seier Sørheim.

- Vi håpar dette vil bidra både til at Ålesund står fram som ein attraktiv studentby, og at andre reisande lettare og oftare kan sette igjen bilen. Billegare, betre og meir miljøvenleg er målet, legg Sørheim til.

Store ambisjonar for regionen

- Fram mot 2030 er det satt eit veldig ambisiøst mål om 15 % av reisene i Ålesunds-regionen skal skje med kollektivtransport, seier samferdselssjefen. Skal vi nå dette målet, er vi avhengig av å kunne gi eit tilfredsstillande tilbod til kundane. Det omfattar høgare frekvens på dei mest brukte rutene, betre tilbod på kveldstid og i helg og eit godt tilbod ut til øyane og distrikta rundt Ålesund.

- I tillegg satsar vi mykje på teknologisk utvikling, for å kunne tilby gode løysingar for reiseplanlegging, billettkjøp og informasjon på web og mobil, og i form av sanntidsinformasjon. Her vil det skje mykje i løpet av 2017 og 2018, og vi ser fram til å kome med meir informasjon om desse  løysingane etter kvart som dei blir klare. Reisande i Ålesunds-regionen har mykje bra å sjå fram til på kollektivfonten, avsluttar Fuglseth.