Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Lyser ut kontraktar på Nordøyvegen

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post

Lyser ut kontraktar på Nordøyvegen

Stortinget godkjente bompengeproposisjonen for Nordøyvegen i natt. No blir dei fire førebuande kontraktane lyst ut.

Den nye Lepsøybrua. Illustrasjon: Statens vegvesen 

Norøyvegprosjektet er det største vegutbyggingsprosjektet Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong har initiert. Prosjektet er kostnadsrekna til i overkant 3,8 milliardar kroner, og vil ha ei anleggsperiode på fem år. Prosjektet er venta å gi store ringverknader i fylket i byggeperioden. 

   
   

Dei fire kontraktane som entreprenørar no kan levere tilbod på:

1. Veg og riggområde Skjeltne

  • Kjøp og utlegging av 35 000 m3 sprengt stein
  • Asfaltering
  • Lukka rørgrøfter

Opning av tilbod: 21. august 2017

2. Forskjeringar Austnes og Longva

  • Fjerne massar
  • Sprenging
  • Lukka rørgrøfter

Opning av tilbod: 31. august 2017

3. Forskjeringar Fjørtofta

  • Fjerne massar
  • Sprenging
  • Lukka rørgrøfter

Opning av tilbod: 4. september 2017

4. Forskjeringar Myklebust

  • Fjerne massar
  • Sprenging

Opning av tilbod: 7. september 2017

Anleggstarten for Nordøyvegen er planlagt til oktober 2017. Dei to store byggekontraktane blir etter planen lyst ut våren 2018.

Fakta om prosjektet

Nordøyvegen gir fastlandssamband for rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal.  

Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem. Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Nordøyvegen er planlagt opna for trafikk i 2023.

Prosjektet omfattar:
  • Lepsøybrua, 800 meter lang bru frå Skjeltene over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, 110 meter lang bru rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, 200 meter lang bru som ligg i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen (Hestøya-Austnes), 3500 meter lang.
  • Nogvafjordtunnelen (Longva-Fjørtofta), 5730 meter lang.
  • Fjørtoftfjordtunnelen (Fjørtofta-Myklebust) 3680 meter lang.
  • Burbergtunnelen (miljøtunnel på Fjørtofta), 170 meter lang
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, 2735 meter
  • Ny veg over Fjørtofta.

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegane, avgjer kva prosjekt som skal gjennomførast kvart år, og gir politiske føringar for utvikling av fylkesvegane. Det er Statens vegvesen som normalt planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld fylkesvegane på vegner av fylkeskommunen.

Kontaktpersonar: 

Om Nordøyvegprosjektet: - Samferdselssjef Arild Fuglseth, mob. 915 30 085

Om dei utlyste kontraktene – Prosjektleiar i Statens vegvesen Marianne Nærø, mob. 92664564

Her kan du sjå Statens vegvesen sin film som viser korleis prosjektet blir: