Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Ny reklamefilm for FRAM Ung i godt samarbeid med unge elevar

Kontaktpersonar

Marit Holen Marit Holen
Rådgivar marknadsarbeid
71 28 02 68 /
Mob. 975 44 525
Send e-post

Ny reklamefilm for FRAM Ung i godt samarbeid med unge elevar

Marknadsseksjonen i samferdselsavdelinga har laga ein ny reklamefilm for FRAM Ung. Målet med filmen er å gjere tilbodet meir kjent. 

Med FRAM Ung kan ungdom fram til fylte 23 år reise fritt med buss, hurtigbåt og ferje i heile fylket for kr. 400 for 30 dagar.

I arbeidet med reklamefilmen har 1. årsklassen på "Innovasjon og ledelse" på Romsdal videregående skole vært sentrale.

Dei bidrog først i idéfasa, og filmen bygger på ein av idéane som ungdomane kom opp med. Skodespelarane i filmen kjem også frå denne klassen, og dei gjorde ein framifrå jobb under innspelinga.

I idé- og planleggingsprosessen kom ungdomane og med innspel på at produktnamnet "Periodebillett ungdom" ikkje var særleg spennande. Dette har også andre ungdommar vi jobbar med vært einige i, blant anna elevar ved Molde vgs og Ungdomspanelet. Namnet er derfor endra til FRAM Ung. 

Dette namnet er lett å seie og dermed trur vi det blir lettare å få fram bodskapen med dette namnet.

Vi takkar ungdomane for eit veldig godt samarbeid!