Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nye ferjer og stor reduksjon av utslepp i ny ferjekontrakt

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
juridisk rådgivar
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Nye ferjer og stor reduksjon av utslepp i ny ferjekontrakt

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Sykkylven-Magerholm og Hareid-Sulesund til Fjord1 AS. Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.

ferje ferge fram

Foto: Terje Aamodt

Reduksjon av utslepp

Det vert bygd fem nye plug-in elektriske ferjer med ein hybridiseringsgrad på 95%. Med dei nye ferjene blir CO2-utsleppa redusert frå om lag 18.000 tonn årleg i dag til om lag 1.900 tonn årleg - ein reduksjon på 89% av slike utslepp.

Kontrakten startar opp i 2019 og 2020

Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2019 på Hareid-Sulesund og 1. januar 2020 på Sykkylven-Magerholm, og vil gjelde til 31. desember 2030. Fjord1 AS har tilbydt den lågaste prisen og har nesten full skår på miljøpoeng.

God konkurranse

- Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er trygge på at vi saman med Fjord1 vil gje trafikantane eit godt tilbod i åra framover, seier Arild Fuglseth. Totalsummen for kontrakten er 2,569 milliardar kroner.

Karensperioden for tildelinga varar fram til 23. mars 2017. Kontrakten blir signert etter at karensperioden er over.