Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Nytt hurtigbåt- og busstilbod frå 1. januar

Kontaktpersonar

Benedicte Bjerkvik Benedicte Bjerkvik
Rådgivar
71 28 02 52 /
Mob. 996 98 006
Send e-post
Kristine Vikhagen Kristine Vikhagen
Rådgivar
71 28 02 54 /
Mob. 917 45 487
Send e-post

Nytt hurtigbåt- og busstilbod frå 1. januar

Frå og med søndag 1. januar 2017 tek FRAM over hurtigbåtruta mellom Molde-Vestnes-Sekken og bussane på Vestnes. Passasjerar må vere merksame på at det vert endringar ved at det vert sett inn buss i staden for hurtigbåt mellom Vestnes og Vikebukt, og endring av rutetider.

Det har blitt endringar på dei fleste avgangstidene for hurtigbåten mellom Molde-Vestnes-Sekken. Dette må passasjerar på denne strekninga merke seg.

Hurtigbåt og buss i ein billett

Når hurtigbåtkaia ved Vikebukt blir lagt ned ved nyttår, blir det satt inn buss for hurtigbåt mellom Vikebukt og Vestnes. Bussen blir eit forlenga tilbod for hurtigbåten, slik at reisande skal kome seg til og frå Vikebukt. Dei som skal nytte dette tilbodet kan kjøpe ein kombibillett på bussen eller hurtigbåten, og med den kan dei reise heile denne strekninga.

Den kombinerte buss- og hurtigbåtbilletten kan kjøpas som både enkeltbillett og som periodebillett.

Nytt rutehefte for hurtigbåt og buss

Det er laga eit eige rutehefte som gjeld for hurtigbåten og bussane frå 1. januar, det er tilgjengeleg på frammr.no, om bord på hurtigbåten, og trafikkterminalen i Molde.

Vestnes hurtigbåtkai blir nytt knutepunkt

Frå 1. januar blir Vestnes hurtigbåtkai det nye knutepunktet på Vestnes, og frå 1. mai vil også FRAM Ekspress nytte dette knutepunktet på alle ruter.

Endring for FRAM Ekspress morgonavgang retning Volda

Det er viktig at reisande er merksame på at den første morgonavgangen med FRAM Ekspress retning Volda og Ålesund allereie frå 1. januar vil gå frå Vestnes hurtigbåtkai. Morgonavgangen har tidlegare gått frå Furneset ferjekai, men blir no flytta, og har avgang kl. 06.30. Passasjerar frå Molde som skal reise med FRAM Ekspress sin morgonavgang, må ta hurtigbåten kl. 05.45 frå Molde.