Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Oppstart av FRAM Flexx bestillingstransport i Fræna

Kontaktpersonar

Kristine Vikhagen Kristine Vikhagen
Rådgivar
71 28 02 54 /
Mob. 917 45 487
Send e-post

Oppstart av FRAM Flexx bestillingstransport i Fræna

Frå 26. juni blir det innført FRAM Flexx bestillingstransport i Ytre Fræna. Ordninga skal erstatte tidlegare bussruter.

Frå 26.juni blir det starta opp Fram Flexx-rute mellom Vikan og Bud. 

- Vi er svært glade for å kunne gi reisande i ytre Fræna ein ny type kollektivtilbod, seier Kristine Vikhagen, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med FRAM Flexx får reisande i ytre Fræna eit svært fleksibelt tilbod på dagtid.

Køyrer på bestilling

FRAM Flexx er ein del av det ordinære kollektivtilbodet, men er transport som berre blir køyrd når nokon har bestilt. Transporten blir som regel køyrd med drosje eller minibuss. Med FRAM Flexx servicetransport kan du bli køyrd frå heim til kommunesentrum eller anna handels- eller servicesenter og frå slike sentrum og heim igjen. –Du må bestille tenesta ei bestemt tid i førevegen. Transport til/frå heimen føreset at du som reiser ikkje bor meir enn to kilometer frå oppsett køyretrasé, seier Vikhagen.

Tre nye ruter frå 26. juni

Tilbodet i ytre Fræna er tilgjengeleg frå 26. juni, og det blir tre FRAM Flexx-ruter i dette området:

  • Vikan-Bud
    Til/frå Bud på kvardagar i tidsrommet 11.00-15.30 i periodar med skolefri og 11.00-13.00 elles.
  • Vikan/Male – Hustad – Farstad
    Til/frå Hustad og Farstad på kvardagar i tidsrommet 11.00-15.30 i periodar med skolefri og 11.00-13.00 elles.
  • Skotheimsvik/Sandblåst – Farstad
    Til/frå Farstad på kvardagar i tidsrommet 10.00-16.30 i periodar med skolefri, og 10.00-13.00 ellers.

Slik bestiller du

Turane kan du bestille på frammr.no/flexx eller på telefon 177.