Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Samarbeid om transport til og frå Fru Guri av Edøy

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post

Samarbeid om transport til og frå Fru Guri av Edøy

Gurisentret og FRAM fortsett samarbeidet frå 2016, og tilbyr felles transport og billett under årets Fru Guri av Edøy.

I år som i fjor kan du reise kollektivt til  og frå Fru Guri.
Foto: Wigdis Wollan

Inkludert i tilbodet er transport med ordinær rutegåande buss til Smøla, billett til førestillinga og transport tilbake til Kristiansund med hurtigbåt. Tilbodet gjeld for førestillingane på torsdag, fredag og laurdag.

Unngå ferjekø og får rabatt på førestillinga

–Vi har gjennom fleire år sett at det har vorte store køar på ferjene, når folk skal kome seg heim etter førestillinga, seier Laila Skaret, kulturrådgivar i Smøla Kultur- og Næringshage. –Vi inngjekk derfor eit samarbeid med fylkeskommunen i fjor, som vart godt motteke, seier Skaret.
I år inkluderer tilbodet ei pakke med rutebuss frå Kristiansund til Smøla, og hurtigbåt tilbake til Kristiansund. Kundane betaler ordinær takst for transporten og får 30 prosent rabatt på førestillinga. Vaksenbilletten kostar totalt 600 kroner. –Totalt blei det selt 145 kombinasjonsbillettar med førestillingsbillett og rutegåande buss til og frå Smøla i 2016. Kanskje det blir enda fleire i år?, undrar Skaret.

Fleire enn forventa

I fjor var det fleire som brukte tilbodet enn både FRAM og Gurisenteret hadde forventa. Derfor er tilbodet vidareutvikla i år . Retur frå Smøla blir med hurtigbåt, og på den måten blir reisetida kraftig redusert. –Båten har kapasitet til 225 passasjerar og er tilgjengelig for alle. Men kundar med forhandskjøpt billett får gå om bord først, og er dermed sikra plass, seier seksjonsleiar i samferdselsavdelinga Konrad Lillevevang.

Raskast å ta hurtigbåt tilbake

Torsdag og fredag har hurtigbåten avgang ein time og femten minutt etter at førestillinga er ferdig. –For dei aller fleste som reiser, er dette den raskaste måten komme seg tilbake til byen på, seier Lillevevang. –Dersom du køyrer bil, og er ein av dei heldige som kjem seg om bord med den første ferja, er du tilbake i Kristiansund klokka 21.50. Dette er omtrent samtidig som at hurtigbåten frå Edøya legg til kai i Kristiansund, fortel han. På laurdag går båten ein time etter at førestillinga er slutt, og vil vere tidlegare tilbake til Kristiansund.

Open kafé etter førestillinga

Etter førestillinga vil det vere open kafé på Gurisentret. – Her vil det vere opplegg som kortar ned ventetida, og du treng ikkje stresse med å komme deg tilbake til bilen, i håp om å komme deg med dei første ferjeavgangane frå Edøya og Tømmervågen, fortel Skaret.

Eit tilbod som passar for alle

Fellesbilletten inneheld transport til Edøya, køfri inngang til amfiet, dei beste plassane og transport tilbake til Kristiansund. Kundane vil få følge til og frå amfiet, både når dei kjem og ved avreise frå Edøya. –Vi håpar at mange bestemmer seg for ei meir avslappande oppleving og set igjen bilen også i år, avsluttar Lillevevang.

Billettar kan du kjøpe på Trafikkterminalen i Kristiansund eller på www.frammr.no/gurispelet

Tidtabell:

  Torsdag og fredag Laurdag
Frå Kristiansund rutebilstasjon 12:30  busslinje 821 15.20  busslinje 821 13.35  busslinje 821
Til Sandvika ferjekai 13.45 16.37 14.45
Frå Sandvika ferjekai 13.45  ferje 16.45  ferje 14.45  ferje
Til Edøy ferjekai 14.05 17.05 15.05
Førestillinga startar Gurisentret 18.00 18.00 16.00
Førestillinga Gurisentret 19.55 19.55 17.55
Frå Edøy hurtigbåtkai Edøy hurtigbåtkai 21.15  hurtigbåt 21.15  hurtigbåt 18.50  hurtigbåt
Til Kristiansund hurtigbåtkai Kristiansund hurtigbåtkai 21.55 21.15 19.40