Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Svært nøgd med kollektivsamarbeid

Kontaktpersonar

Svein Ivar Aarskog Svein Ivar Aarskog
Rådgivar drift
71 28 02 51 /
Mob. 992 48 572
Send e-post

Svært nøgd med kollektivsamarbeid

Etter innspel frå Sande kommune gjorde samferdselsutvalet i desember 2016 eit vedtak om betring av grunnskoleskyssen i Sande kommune. 

- Etter at vedtaket blei gjort, har samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Sande kommune og Nettbuss, i samarbeid kome fram til ei løysing som alle partar er nøgde med, seier Svein Ivar Aarskog frå samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ein betre skoledag

Løysinga inneber justeringar både frå Sande kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune si side.

- Vi er svært nøgd med det opplegget vi no har fått til, seier Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune. Vi har hatt ein god prosess med fylkeskommunen for å kome fram til ei løysing som gir ein best mogleg skoledag for elevane våre. - Skolestart for Larsnes skole blir flytta til kl. 08.20 og for Gursken skole til kl. 08.30. Dette gjer det mogleg å få til et optimalt skyssopplegg, nesten utan ventetid for elevane. Før har det vore inntil 40 minutt ventetid på morgonen, legg Vågen til. 

Ekstra rute frå Hareid

Møre og Romsdal fylkeskommune opprettar ei ekstra rute frå Hareid kl. 13.23 til Larsnes på skoledagar. Denne ruta tar returskyss frå Gursken skole, og løyser utfordringa for Møre barne- og ungdomsskole. 

Det blir også ei ekstra rute frå Larsnes kl. 06.45 til Garnes som gir direkte korrespondanse til Volda/Ørsta. Dette gir eit betre tilbod til elevar frå Sande som skal på vidaregåande skole i Ørsta og Volda. - Den ekstra avgangen frå Larsnes har vi fått til fordi grunnskoleskyssen no blir meir rasjonell og dermed frigir kapasitet til den ekstra ruta frå Larsnes, seier Aarskog frå samferdselsavdelinga.