Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Konrad Lillevevang Konrad Lillevevang
Seksjonsleiar
71 28 02 71 /
Mob. 414 17 224
Send e-post
Frode Kvalheim Frode Kvalheim
Rådgivar
71 28 02 57 /
Mob. 930 63 780
Send e-post

Ta bussen til KBK-kampane

For å møte den forventa pågangen av reisande i Kristiansund som skal på heimekampane til Kristiansund Ballklubb (KBK), vil FRAM køyre med fleire bussar på nokre av dei ordinære avgangane før og etter kampane.

Foto: Terje Aamodt.

Ruteavgangane vil bli prøvd ut i samband med den første fotballkampen i elitserien mellom Kristiansund BK og Molde FK laurdag 1. april. Avgangane til og frå Averøy og Aure vil bli køyrd som normalt.

Bilde av bussrute for heimekampen til KBK 1. apirl

Sjå nærare på tabellen for avgangane som køyrer ved heimekampen til KBK 1. april.

 

God kapasitet på bussane

– For at logistikken skal gå greitt på kampdagane, bør publikum nytte seg av alle ruteavgangane vi har til og frå kampane. FRAM køyrer med god kapasitet før og etter denne kampen, og det er kort veg for folk å gå mellom haldeplassane ved Brunsvika og St. Hanshaugen og stadion, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter kampen er det fire avgangar innanfor ein time som publikum kan reise med frå stadion og i retning sentrum.

Få parkeringsplassar

–Vi ventar ein fullsatt Kristiansund stadion i år, og med begrensa parkering ber vi om at flest mogeleg lar bilen stå på kampdagen. Vi anbefaler heller å bruke kollektivtransport, seier Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund Ballklubb.

Nattbuss frå sentrum

- For dei som blir igjen i sentrum til seint, har vi nattbussen i Kristiansund. Nattbussen til Rensvik (rute 810), har tre avgangar natt til søndag, fortel Lillevevang.

For informasjon om rutetider, kan reisande sjå i rutehefta, på frammr.no eller ringe FRAM Kundesenter på tlf. 177.