Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > Tilboda i konkurransen for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm er opna

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
juridisk rådgivar
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Tilboda i konkurransen for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm er opna

Torsdag 22. desember kl. 12 opna Møre og Romsdal fylkeskommune tilboda i konkurransen for dei to ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm, knytt til fylkesveg 61 og 60.

ferje ferge fram

Kontraktsperioden er 01.01.2019–31.12.2030 for Hareid-Sulesund og 01.01.2020–31.12.2030 for Sykkylven-Magerholm. 
 
Det er stilt strenge krav til miljø i konkurransen, og vidare er det krav om nye fartøy på sambanda. 
 
- Det har vært stor interesse rundt denne kontrakta, noko som er veldig gledeleg, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune. 
 
Møre og Romsdal fylkeskommune vil no gå gjennom innkomne tilbod for å sjå at dei er i samsvar med dei krava som er stilt. Opninga av konkurransen er lukka, da dette er ein konkurranse med forhandling. Informasjon om talet tilbydarar og liknande blir ikkje delt før valet av reiarlag er gjort.

Forhandlingane med dei aktuelle reiarlaga blir gjennomført i løpet av januar/februar 2017. Etter planen vil kontraktstildelinga skje 01.03.17. 
 
Reiarlaget med det mest fordelaktige tilbodet økonomisk ut frå tildelingskriteria; pris og miljø, blir tildelt kontakta.