Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Samferdsel > Nyheiter > To nye hurtigbåtar skal døypast

Kontaktpersonar

Benedicte Bjerkvik Benedicte Bjerkvik
Rådgivar
71 28 02 52 /
Mob. 996 98 006
Send e-post

To nye hurtigbåtar skal døypast

Dåpen blir ved Storkaia i Molde førstkommande tysdag. – Dette blir ein stor dag der vi skal gje namn til to hurtigbåtar som skal trafikkere samband i Møre og Romsdal, seier Benedicte Bjerkvik, i fylkeskommunen si samferdselsavdeling. 

Den eine båten har allereie trafikkert sambandet Molde-Vestnes nokre dagar. Den skal få namnet «MS Jektøy», etter ei av øyane i Moldefjorden. Medlem av samferdselsutvalet, Heidi Nakken, skal vere gudmor.

Den andre hurtigbåten som skal døypast, er «MS Valderøy». Denne båten skal vere fast reservefartøy på alle sambanda, men skal også brukast på sambandet Hareid-Ålesund. Gudmor for «MS Valderøy» er leiar for samferdselsutvalet Kristin Marie Sørheim.

- Begge båtane er bygd av Brødrene Aa i Hyen. «MS Jektøy» har kapasitet til 147 passasjerar og «MS Valderøy» har kapasitet til 199 passasjerar, fortel Bjerkvik.

I samband med oppstart av ny anbodsperiode 1. januar, har Boreal Sjø tatt over som operatør på hurtigbåtsambanda som blir drifta av  Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tid: tysdag 7. mars kl. 11.30.
Stad: Storkaia i Molde