Planarbeid
Den framtidige transportplanlegginga i Noreg vil bestå av ein nasjonal transportplan (NTP) som omfattar statleg transportinfrastruktur (blir vedteke i Stortinget) og ulike formar for regionale transportplanar (RTP), som omfattar fylkeskommunanes transportinfrastruktur (blir vedteke av fylkestinga).
Regional transportplan (RTP) fylkeskommunen blir som følgje av forvaltningsreforma den viktigaste premissleverandøren i planlegging og utbygging av regional samferdsel. Dette vil også styrke fylkeskommunens rolle som regional utviklingsaktør. Samtidig er samferdsel eit av dei områda kor ein kan gjere mest for å påverke lokal forureining og globale utslepp. For å stå best mogleg rusta til å føre ein god dialog om utfordringane innan samferdselsområdet både med staten, kommunane og næringslivet, blir det naudsynt at fylkeskommunen skaffar fram oversikter over transportstrømmar og foretek konseptvalutgreiingar både for person- og godstransport, og at ein ser dette i ein heilskapleg samanheng. Desse utfordringane vil best kunne systematiserast i ei overordna regional transportplan som omfattar alle transportformer. Det vil vere avgjerande at plana omfattar både investering og drift. Møre og Romsdal fylke vil utarbeide ein slik plan slik at den også kan danne innspel til neste revisjon av Nasjonal transportplan (NTP). I dette arbeidet er det svært viktig å ivareta det regionale perspektivet, dvs også kommunikasjonane til nabofylka. Møre og Romsdal fylke vil derfor i arbeidet med den regionale trasportplana samarbeide med Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune. Det regionale perpektivet blir også ivaretatt gjennom Vestlandsrådet, kor vi allereie har utarbeid transportplana for Vestlandet. Ei oppdatering av handlingsprogrammet knytt til denne plana vil også vere ein det av det regionale transportplanarbeidet. Fylkestingets vedtatte strategiar skal leggjast til grunn i arbeidet . Dei mest sentrale av disse vil vere: Ferjestrategien, Finansieringsstrategien, Strategien om ferjefri E39, Tranportstrategi for gåande og syklande i Møre og Romsdal, Luftfartsstrategien og Den regionale energi- og klimaplana for Møre og Romsdal.
Nasjonal transportplan (NTP) Møre og Romsdal fylkeskommune vil inn mot neste rullering av NTP spille ein større rolle enn tidlegare. I retningslinene (R1) for neste revisjon av NTP vil planarbeidet pågå i perioden mars 2011 til februar 2012. Stortingshandsaminga av NTP for perioden 2014-2023 skjer våren 2013. I retningslinjene blir det streka under at det er viktig med eit godt samarbeid med lokale og regionale styresmakter, slik at det faglege grunnlaget for NTP 2014-2023 blir så godt som mogleg. Dette er ikkje minst viktig etter at fylka får 1. januar 2010 har fått ansvaret for eit større vegnett og langt fleire ferjesamband. På regionalt nivå vil det bli oppretta kontaktutval for å sikre god samordning mellom NTP og dei regionale tranportplanane. I tillegg vil det bli oppretta eit kontaktforum der fylkeskommunane og dei største bykommunane er med. Ein representant frå fylkesrådmannskollegiet vil vere med i transportetatanes og Avinors styringsgruppe ,med tale- og forslagsrett. Den politiske dialogen med fylkeskommunane og storbyane vil bli styrka.
I følgje den nye plan- og bygningslova (PBL) skal det utarbeidast planstrategiar i kommunar og fylkeskommunar innan eit år etter kommune og fylkestingsvalet i september 2011. Det vil vere svært viktig å få samkjørt dei lokale og regionale planstrategiane med NTP prosessen.