Strategier
Ferjefri stamveg
Møre og Romsdal fylke jobber med ein strategi om ein ferjefri kyststamveg gjennom fylket. Samferdselsavdelinga har prosjektleiinga i prosjektet. Dette er eit viktig regionalt utviklingsprosjekt for fylket. Med ferjefri veg vil ein kunne reise utan ferjer mellom Kristiansund, Molde og Ålesund. Dei tre store arbeidsmarknadssentra i fylket vil dermed bli knytta tettare saman. Det er også viktig å knytte Søre Sunnmøre tettare inn mot Ålesund og Nordre Nordmøre tettare inn mot Kristiansund. Prosjektet er særs viktig for næringsliv, sysselsetting og busetting i fylket. (Sjå høyringsdokument under høyringar)
Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ein kollektivstrategi som skal gjelde i perioden 2012 – 2021. Kollektivstrategien skal hjelpe oss med å arbeide målretta mot hovudmåla for kollektivtrafikken.
Utkast til kollektivstrategi 2012-2021
Vi har utfordringar innan fire gjennomgåande område, universell utforming, trafikktrygging, miljø og samordna ressursbruk. Desse områda skal vere vesentleg i all planlegging og utforming av tilbod, og dette ligg til grunn for dei resultatmål og strategiar som er utforma.
For resultatmåla har vi utarbeidd strategiar for korleis vi skal kunne nå måla vi har satt. Vi ønskjer å få fleire til å reise kollektivt, vi vil ha eit tilbod til dei med svak mobilitet, vi må sjå samfunnets ressursar under eitt, vi vil sette inn størst innsats der det gir størst effekt samtidig som vi vil ha eit tilbod i trafikksvake område.
Det er utarbeidd resultatmål for strategien, og desse resultatmåla er:
- Rask og enkel billettering, “riktig” takstnivå, samt tydeleg, god og lett tilgjengeleg informasjon om kollektivtilbodet samanlikna med 2012
- Ved endringar i trafikkmønster og vegutbygging skal haldeplassane ha tenlege fasilitetar, og samtidig bidra til effektiv framføring av kollektivtrafikken og redusert krusedullkjøring
- Ekspressruta Volda – Ørsta-Ålesund-Molde-Kristiansund skal være navet i kollektivtilbodet i fylket. Fleire ruter skal knytast opp mot ekspressruta
- Kollektivtrafikkandelen skal aukast til 20 prosent i Ålesund og 15 prosent i Molde og Kristiansund
- Nye bestillingsruter skal etablerast for å betre kollektivtilbodet i distrikta. Bussruter i områder med lågt trafikkgrunnlag skal leggast ned eller gjerast om til bestillingstransport
- Den totale reisetida for fylkeskryssande kollektivreiser skal reduserast
Med langsiktig arbeid og fokus på eit meir effektivt og tenleg kollektivsystem håper vi at fleire vel å reise kollektivt.
Finansieringsstrategi
Møre og Romsdal har store utfordringar når det gjeld å innordne eit tenleg, godt og berekraftig samferdselstilbod. For å skape eit attraktivt fylke, er det viktig med eit godt transportsystem, så vel for gåande og syklande som for kollektivreisande og bilistar. Dersom Møre og Romsdal ikkje skal tape i kampen om arbeidskrafta og dersom næringslivet i fylket skal vere konkurransedyktig også i framtida, er det naudsynt med eit meir effektivt transportsystem. Det er behov for å byggje arbeidsmarknadsregionane tettare saman med gode og tenlege samferdselsløysingar. Dette kan vere meir effektive ferjer og hurtigbåtar, høgfrekvente ekspressbussrutar og det kan dreie seg om å bygge bruer og tunnelar for å avløyse nokre av dei mange ferjesambanda i fylket. Behova for tiltak innan samferdsel er langt større enn løyvde midlar over offentlege budsjett. Mellom anna vil det i følgje Statens vegvesen ta inntil 100 år før vi har fullgod standard på vegnettet i fylket med dagens løyvingstakt. Då er også ferjeavløysingsprosjekt teke med i vurderinga. På bakgrunn av desse utfordringane har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ein finansieringsstrategi knytt til samferdsel.
Ferjestrategi
Møre og Romsdal fylke har utarbeidd ein ferjestrategi for fylket som set ambisiøse standardkrav for ferjetilbodet i fylket. (Sjå dokumentet under plandokument)
