Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Planer og strategiar

Planer og strategiar

Fylkeskommunen er ein stor vegeigar, men samferdsle er meir enn berre bilveg.

Vi må sjå transportsystemet som ein heilskap, der kollektiv, sykkel, gange, ferje, fly, sjø, tog og veg inngår, og lage planer og strategiar for korleis dette systemet best kan utviklast for å vere til gagn for flest mogeleg i framtida. Dette gjer vi saman med staten sine underliggande etatar, nabofylker, kommunane, interesseorganisasjonar og gjennom internasjonalt arbeid.  

 

Hovudmål samferdsel 2013-2016

Fremme regional utvikling og robuste bu-, arbeids- og serviceregionar gjennom å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem.

 Resultatmål

1. I samarbeid med kommunar og andre skal kollektivdelen aukast ved å gjere det lettare og meir attraktivt å reise kollektivt både i og mellom fylka.
2. Barrierane ferjestrekningane representerer skal byggast ned gjennom auka og tilpassa kapasitet, fleire døgnopne samband, betre regularitet og enklare betalingsløysingar.
3. Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, slik at det blir differensiert, men effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert og har tilstrekkeleg standard for alle typar trafikantar.
4. Ferjestrekningar skal på sikt avløysast av bru eller tunnelløysingar der det er samfunnsøkonomisk forsvarleg, teknisk mogleg og der effektane er særs positive for utvikling av robuste bu-, arbeids- og serviceregionar.
5. Møre og Romsdal fylkeskommune skal saman med interessegrupper og kommunar ta i bruk og prøve ut ulike modellar for finansiering i samferdselssektoren, samt selje inn og drive påtrykk for rask og tilstrekkeleg finansiering hos sentrale styresmakter.
6. Gjennom aktivt arbeid med trafikktrygging vil vi medverke til å nå det nasjonale målet for 2024 om færre drepne og skadde i trafikken. Andre risikofaktorar som ras og dårlege farleier på sjø skal utbetrast.

 

 

 

 

 

 


Vil påverke samferdselsprosjekta

Ungdom i Midt-Noreg vil ha meir medverknad på samferdselsprosjekt. No utfordrar dei politikarar og fagmyndigheter til dialog.

Les meir

Kontaktpersonar

Lage Lyche Lage Lyche
Seksjonsleiar - infrastruktur
71 25 87 02 /
Mob. 934 93 402
Send e-post
Gry Halvorsen Gry Halvorsen
Rådgivar
71 25 81 84 /
Mob. 404 68 389
Send e-post
Hilde Johanne Svendsen Hilde Johanne Svendsen
Rådgivar
71 25 86 72 /
Mob. 916 07 588
Send e-post
Jonas Solheim Jonas Solheim
Rådgiver
71 25 87 63
Send e-post