Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Skoleskyss

Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselssjefen er ansvarleg for skoleskysstenesta.
 Som hovudregel har elevar i grunnskolen rett på gratis skoleskyss når dei har meir enn 4 km skoleveg. For 1. klasse gjeld retten når eleven har meir enn 2 km skoleveg. Elevar i vidaregåande skole har ei skyssgrense på 6 km. Fylkeskommunen har og ansvar for skoleskyss til private skolar som får statsstøtte. Skyssretten gjeld til og frå skule ved ordinær start- og sluttid.  All epost som gjeld skoleskyss skal sendast til adressa: skoleskyss@mrfylke.no

T 43-11 Revidering av skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal. Samrøystes vedtak i fylkestinget - 07.06.2011

Revidert skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal vert vedtatt slik det ligg føre.

Ventetida i vidaregåande skule vert redusert frå 120 minutt til 90 minutt. Utgiftene med framlegget skal kostnadsreknast før endeleg vedtak vert gjort.

Opprettar kontaktforum for skoleskyss

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune etablerer kontaktforum for skoleskyss samt kontaktpunkt for elevar for å få ei best mogleg skoleskyss-ordning. Les meir her

Retningslinjer og regelverk:
Fylkeskommunen har eigne retningslinjer for skoleskyss til grunnskole og vidaregåande skole, linkar ligg under snarvegar til høgre. Opplæringslova omtalar skoleskyss i §7 og §13-4. Her kan du finne svar på fleire av dine spørsmål. Du kan også ta kontakt direkte med oss på samferdselsavdelinga.

Farleg skoleveg:
Elevar som har særleg farleg skoleveg har rett til skoleskyss utan omsyn til veglengda. I slike saker har kommunane vedtaksmynde. Om dette finn du nyttig informasjon i Trygg Trafikk sin rettleiar (sjå link under snarvegar til høgre).

Tilrettelagt skyss:
Elevar med varig eller mellombels funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss har rett til skyss uavhengig av avstand.  Fylkeskommuen gjer vedtak i slike saker etter at vi har motteke erklæring frå sakkunnig og informasjon frå skulen. Vidaregåande skolar har vedtaksmynde i inntil 8 veker. Det er viktig at sakkunnig nyttar skjema utarbeidd av fylkeskommunen og at skolane sender informasjon vidare til oss. Vi handsamar søknadar så raskt som råd og iverkset skyss, etter at vi har motteke nødvendige opplysningar.
Skjema for skyssinformasjon frå skolen, erklæring frå lege/ sakkunnig og bestillingsskjema for vgs på tilpassa skyss (inntil 8 v) finn du under dokumenter.

Skyssrett for funksjonshemma til/frå SFO:

Haust 2010 vart det gjort endring i Opplæringslova §§ 7-3 og 7-4. Elevar med funksjonshemming kan no ha rett til tilpassa skyss til SFO om morgonen og heim frå SFO om ettermiddagen. Sjå link under snarvegar.

Vi gjer oppmerksom på at endringa i Opplæringslova gjev skyssrett til/frå SFO, dersom eleven mottek eit avlastningstilbod før og etter skoletid gjev ikkje dette skyssrett etter denne lova.

Delt bustad:
Elevar som bur hjå foreldre med delt omsorg har rett på skyss til begge adresser. For å gjere sin rett gjeldande må delt omsorg dokumenterast, og stadfesting av avtale leverast på skolen. Skjema for stadfesting av avtale om delt bustad kan ein finne på denne nettsida eller få på skulen. Samværsordning gjev ikkje skyssrett.

Utrekning av avstand:
Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla ei teneste for å berekne avstand mellom bustad og skole. Her kan elevar og foreldre raskt finne ut om dei har krav på skoleskyss. Avstanden vert utrekna etter kortaste farbare veg. Kartgrunnlaget er frå Statens Kartverk, og opplysningar om skolar og lokalisering av desse er innhenta frå kommunane. Dersom grunnskolen ikkje er nemnt i lista over grunnskolar, kan du sjølv finne skolen på kartet og merke han av med "knappenåla", og slik berekne avstanden mellom bustad og skole. Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla ei teneste for å berekne avstand mellom bustad og skole. Her kan elevar og foreldre raskt finne ut om dei har krav på skoleskyss. Linken til denne nettsida finn du under snarvegar til høgre.


Innmelding skoleskyss 2013/2014

Dokumenta som er sendt ut i forbindelse med innmelding av skoleskyss 2013/2014 har vi lagt ut her. For å få opp dokumenta må du trykke på "les mer".

Les meir

Høyring - revidering av skyssreglement for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune sitt skyssreglement for elevar i grunnskole og vidaregåande skole vart sist revidert i 2011. Denne høyringa gjeld revidering av skyssreglementet for grunnskole og vidaregåande skole i Møre og Romsdal på følgande punkt:

  • Nye rutiner i samband med søknad på skoleskyss for grunnskoleopplæring for vaksne
  • Kommunane sitt økonomiske ansvar for grunnskoleskyssen
  • Elevar i vidaregåande si ventetid i samband med skoleskyss

Høyringsfrist er 09.08.2013

Les meir

Kontaktpersonar

Jorunn Sølvberg Jorunn Sølvberg
Rådgivar
71 25 86 70
Send e-post
Geir Olsen Geir Olsen
Rådgivar
71 25 87 52
Send e-post
Ingebjørg Nergaard Ingebjørg Nergaard
Rådgivar
71 25 86 73
Send e-post

Dokument

Skyssreglement og rettleiing grunnskole
PDF-dokument - 52,95 kB
Informasjon videregående skole
PDF-dokument - 16,20 kB
Skyssinformasjon frå skole
PDF-dokument - 281,87 kB
Skoleskyss legeerklæring
ODT-dokument - 666,69 kB
Skoleskyss legeerklæring
PDF-dokument - 321,84 kB
Stadfesting av delt bustad
PDF-dokument - 137,77 kB
Søknad skoleskyss skjema
PDF-dokument - 203,06 kB