Ungdomskort
TIDE Sjø sel som ei mellombels ordning ein annan type ungdomskort (FLEXIKORTET) om bord på hurtigbåtane. Her er det ikkje bilde, og kortet ser annleis ut enn dei andre ungdomskorta. Dette kortet kan heller ikkje lesast eller påfyllast i andre billettmaskiner enn dei som er om bord på TIDE Sjø sine hurtigbåtar. Men kortet gjeld for heile fylket på same måte som dei andre ungdomskorta. Reiser du med dette kortet på buss eller ferje, må du syne gyldig legitimasjon og kvittering.
Dei andre ruteselskapa sel ungdomskort av den vanlege sorten med bilde og magnetstripe, og korta kan lesast og påfyllast i alle billettmaskiner på bussane i fylket.
På Tide Sjø sine ferjer må du også vise kvittering og legitimasjon saman med ungdomskortet.
NB !
Ingen av desse kortvariantane gjeld på nattbussar, flybussar eller fylkeskryssande ruter.