Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Ledige stillingar i tannhelsetenesta

6 tannlegstillingar og 1 tannhelsesekretærstilling er lyste ut med søknadsfrist 30. oktober. Meir informasjon her: http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Ledige-stillingar

Les meir

- Med kursen mot Afrika

Tannlege Kristine M. Block ved distriktstannklinikken Surnadal har fått permisjon for å delta på eit internasjonalt tannhelseprosjekt  i Dar es Salaam og Morogoro-provinsen i Tanzania. Her er det 1 tannlege per 120.000 innbyggarar og tannhelsa blant barn er svært dårleg. Prosjektet ho deltek i no i august skal fokusere på barneskolar, både gjennom undervising, utdeling av utstyr og behandling av omtrent 1000 barn. Kristine sitt første reisebrev kan du lese her. 

Les meir

Nytt introduksjonsprogram i tannhelsetenesta

Nye medarbeidarar har mange forventningar til sine nye arbeidsoppgåver og til sin nye arbeidsplass. Det første møtet med arbeidslivet og/eller ny jobb er for dei fleste ein stor overgang, og introduksjonsfasen er viktig for å få rask fagleg og sosial integrering. Det nye introduksjonsprogrammet skal vere eit viktig bidrag til trivsel, tryggheit, produktivitet og høg behandlingskvalitet i tannhelsetenesta.

Les meir

Nyutdanna tannhelsesekretærar

Heile 22 elevar har det siste året følgt utdanningsløpet som fører fram til autorisasjon som tannhelsesekretær. 21-23. mai var alle elevane samla på kompetanseklinikken St. Carolus i Molde for siste finpuss før eksamen.

Les meir

Ledige tannpleiarstillingar

Vi har ledig faste tannpleiarstillingar i Ålesund, Volda og Vestnes og eit vikariat i Fiskåbygd. Søknadsfrist 28. juni 2015.

Les meir

Mål og tiltaksplan for IA-arbeidet i tannhelsetenesta

IA-arbeidet har som overordna mål å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebygge og redusere sjukefråvær og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Tannhelsetenesta har eigen mål og tiltaksplan for IA-arbeidet.

Les meir

Årsrapport 2014 for den offentlege tannhelsetenesta

Årsrapporten presenterer den fylkeskommunale tannhelsetenesta med vekt på måltal for tannhelsearbeidet og oppgåver som har hatt prioritet i 2014.

Les meir

Fylkestannlegens etatssamling 21. og 22. april

Nærare 180 tilsette i den offentlege tannhelsetenesta var samla for erfaringsutveksling, fagleg påfyll og sosialt samvær på Scandic Seilet Hotell i Molde 21. og 22. april.

 

Les meir

Forsking og kompetanseheving i tannhelsetenesta

Fylkestannlegen i Møre og Romsdal, Tannhelsetjenestens kompetansesenter i Midt-Norge og det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo i viktig samarbeidsprosjekt om endodonti/rotfyllingsterapi.

Les meir

Den nye distriktstannklinikken i Valldal offisielt opna

Tilsette og gjester var samla til eit triveleg opningsarrangemet 14. november i topp moderne lokale i Storfjord Helsesenter.  

Les meir

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Om tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar.

Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar.

Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 4 kompetanseregionar, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i kvar region. Tannhelsetenesta har i underkant av 200 tilsette.