Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse
Overtannlege

Leiarsamling i tannhelsetenesta

28. og 29. april 2011 var alle overtannlegar, klinikkleiarar og sektortillitsvalde samla på Rica Seilet i Molde. Leiarsamlinga hadde fokus på organisasjonsutvikling og leiarstruktur i tannhelsetenesta i lys av ny arbeidsgivarpolitikk.

Leiarsamling april 2011
Les meir

Topp moderne klinikk på Smøla

Fylkesrådmann Ottar Brage guttelvik tester tannlegestolen på Smøla

Smøla har fått ein ny, topp moderne tannklinikk.

Les meir

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Om tannhelse

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar.

Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar.

Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 4 kompetanseregionar, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i kvar region. Tannhelsetenesta har i underkant av 200 tilsette.