Distriktsmøte Søre Sunnmøre
Overtannlege Gunnar Eikrem kunne by på interessante tema under distriktsmøtet i Volda 16. september
Distriktsmøtet for Søre Sunnmøre tannhelsedistrikt samlar tannhelsepersonell frå dei offentlege klinikkane i Volda, Ørsta, Fiskå, Larsnes, Fosnavåg, Ulsteinvik og Hareid. Møtet på Volda sjukehus den 16. september starta med eit engasjerande foredrag av tannpleiar og folkehelsekontakt Gunn Randi Solstad. Ho kunne fortelje om organiseringa av folkehelsearbeidet og den viktige førebyggande tannhelseinnsatsen. Her er det mykje spennande på gang ! Fylkestannlege Anthony Valen og kontorsjef Morten Larsen trakk opp dei store linjene med planarbeidet rundt strategiske vegval for tannhelsetenesta. Ein distriktsrepresentant for Hjelp 24 orienterte om korleis bedriftshelsetenesta kan bli ein viktig medspelar i HMS-arbeidet lokalt. Samlinga vart avslutta med ei innføring frå ambulansetenesta i hjarte- og lungeredning. Innimellom slaga vart det tid til god dialog og ein framifrå gryterett !
Foto: Morten Larsen
Oppdatert: 30.10.11


