Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Folkehelse og samhandling

Folkehelse og samhandling

Den offentlege tannhelsetenesta skal fremje tannhelsa i befolkninga og sørgje for nødvendig førebygging og behandling. Tannhelsa er ein viktig del av den totale helsa. Det er som regel dei same faktorane som gir god helse som og gir god tannhelse. Tannhelsetenesta ønskjer å bidra til god folkehelse ved å arbeide for at befolkninga har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som set dei i stand til å oppretthalde ei god tannhelse heile livet.

Hovudstrategien for folkehelsearbeidet er å legge til rette for sunne val, bygge alliansar, utvikle og ta i bruk ny kunnskap og prioritere helsefremjande og førebyggande arbeid framfor behandling.

Tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har forpliktande samarbeid med helsestasjonstenesta og helse- og omsorgstenesta i kommunane, og har mellom anna samarbeid med barnehagar, skuler, asylmottak, institusjonar, barneverntenesta, kommunal rusomsorg og folkehelsekoordinatorane i kommunane.

Folkehelsekotaktar frå 1.1.2016

Søre Sunnmøre kompetanseregion 
Tannpleiar Gunn-Randi Solstad,
distriktstannklinikken Ulsteinvik,
tlf: 70 01 11 79, 
gunn-randi.solstad@mrfylke.no

Ålesund kompetanseregion
Tannpleiar Vibeke Haug,
distriktstannklinikken Spjelkavik,
tlf: 70 17 42 00, 
vibeke.haug@mrfylke.no

Molde kompetanseregion
Tannpleiar Randi Værø,
distriktstannklinikken Batnfjordsøra,
tlf: 71 29 01 09,
randi.margrethe.varo@mrfylke.no

Kristiansund kompetanseregion 
Tannpleiar Sølvi Hanssen,
distriktstannklinikken Surnadal,
tlf: 71 66 13 86, 
solvi.hanssen@mrfylke.no