Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Fylkestannlegens etatssamling 2017

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Fylkestannlegens etatssamling 2017

180 medarbeidarar i den offentlege tannhelsetenesta var samla for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og sosialt samvær på Scandic Seilet Hotell i Molde 31. mai og 1. juni.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik opna ei innhaldsrik samling med å fokusere på den offentlege tannhelsetenesta sitt unike samfunnsoppdrag og sentrale plass i den fylkeskommunale tenesteproduksjonen. Produksjonsmåla som er sett for behandlingsomfanget har blitt nådd dei siste åra, og fylkesrådmannen ga dei dei tilsette honnør for god innsats.

Ottar I

 - Det er dykk i tannhelsetenesta som startar det tannmedisinske behandlingsløpet til dei aller fleste menneska i fylket. Gjennom den daglege profesjonelle og omsorgsfulle måten medarbeidarar i tannhelse jobbar på, bidrar kvar og ein av dykk til å byggje ikkje berre tannhelsetenesta sitt omdømme, men også heile fylkeskommunen sitt omdømme.

Når tilsette frå alle tannklinikkene i fylket er samla, er det en sjølvfølgje at trufaste medarbeidarar blir heidra. Gutttelvik avslutta med utdeling av 25-årsgåver til Kari Stølen Bjørnerem (DTK Midsund) Marita Tennøy Henriksen (DTK Spjelkavik) og Trine Beathe Monsen (St. Carolus). Britt Mari Knudseth (DTK Kristiansund), Tove Hilstad Garte (DTK Surnadal), Karin Bævre Botten (DTK Surnadal), Hilde Anne Saunes (DTK Ulsteinvik) vart heidra for 40  års teneste.

Marie

Markering vart det også for Guri Myklebust (DTK Ulsteinvik) og Marie Harstad (DTK Batnfjordsøra/St. Carolus) som begge har passert 50 år (!) i den offentlege tannhelsetenesta.

I Fylkestannlegens time trakk Anthony Normann Valen opp utviklingsperspektiva for tenesta i lys av regjeringa sitt forslag om å overføre tannhelseansvaret til kommunane. Forslaget om overføring har møtt sterk motstand frå eit samla fagmiljø, fylkeskommunar og kommunar. Den føreståande bygginga av ny kompetanseklinikk i Ålesund viser at fylkeskommunen satsar vidare på tross av usikkerheit.

Anthony

 

Det er inngått avtalar med kommunane om det viktige førebyggande tannhelsearbeidet som sikrar kunnskapsoverføring og integrering i kommunehelsetenesta i åra fremover. Det har blitt jobba planmessig og grundig gjennom regional delplan tannhelse, strategisk kompetanseplan, faglege retningslinjer, introduksjonsprogram og KOMPASS, som er køyrereglane våre for profesjonelle og samhandlande medarbeidarar til beste for pasienten. Alt dette gjer organisasjonen vår betre rusta til å møte utfordringane som ventar. - Det er mykje som er usikkert framover, men vi er godt budd på det som kjem og vi vil klare denne utfordringen saman, avslutta fylkestannlegen. 

Tove Wigen

Tove Irene Wigen starta det faglege programmet av samlinga med presentasjon av Nasjonal faglig retningslinje for tannhelstjenester for barn og unge 0-20 år. Wigen er førsteamanuensis ved det odontologiske fakultet ved UiO, og er engasjert av Helsedirektoratet i arbeidet med retningslinja. Ho tok deltakarane gjennom hovudtrekka i retningslinja, som blir overordna tilrådingar i andre retningslinjer og rettleiarar som omhandlar tannhelsetenester til barn og unge. Tilrådingane er kunnskapsbaserte og set ein fagleg norm for forsvarleg tannbehandling/kvalitativt gode tenester. Retningslinja vil bli offisielt lansert seinare i 2017. Wigen gikk også gjennom fluoranbefalingar som førebygging og non-operativ behandling.

Ivar Espelid

Ivar Espelid, professor/spesialist i pedodonti ved det odontologiske fakultet, UiO, gikk på podiet etter lunsj. Espelid er en anerkjent førelesar innenfor sitt fagfelt, og har i 40 år drive forsking og vitskapeleg forfattarskap i grenseområda mellom pedodonti og kariologi, med en forkjærleik for problemstillingar som har klinisk relevans. Under overskrifta "Tidens tann krever sin emalje, men hva når naturen svikter " gikk Espelid gjennom ulike dentale utviklingsforstyrringar som kan gi utfordringar både for pasient og behandlar, og kor tannlegen har eit sjølvstendig ansvar for å stille diagnose før behandlinga blir utført.

På kvelden var alle deltakarane samla til sosialt samvær i Bjørnsonsalen med tapas, underhaldning av musikkgruppa Lærlingan og kahoot-quiz.

Gisela Va

Gisela Vasconcelos, som jobbar som kjeveortoped både ved kompetanseklinikken St. Carolus i Molde og ved TAKO-senteret, var først ute på dag 2 av etatssamlinga. Forutan informasjon om henvisningsrutinar til kjeveortoped gav ho eit interessant innblikk i arbeidet ved TAKO-senteret, som er eit nasjonalt kompetansesenter for oral helse ved sjeldne medisinske tilstander. Vasconcelos fortalde også om forskingsarbeidet ho driv på pasientar med Prader-Willi syndrom. Forskingsarbeidet er eit samarbeid med TAKO-senteret og vil gi kunnskap om vekstmønster hos desse pasientane med tanke på seinare kjeveortopedisk behandling og eventuelt ortognatisk kirurgi. Føredraget sette perspektiv på tannhelsetenesta sitt unike samfunnsoppdrag og kasta lys over kompetansen i vår eigen organisasjonen.

Størksen

Resten av det faglege programmet under samlinga tok tannlege Kjell Størksen seg av. Med temaet "Løstenner - til glede og bekymring" vart søkelyset sett på protetikk og eldretannpleie. Størksen snakka også om "Begrensningens kunst" - om pasientar som har redusert evne til samarbeid om tannbehandlinga, og kva dette gir behandlarane av utfordringar i høve balansegangen mellom underbehandling og overbehandling. Størksen har vore tannlege sidan 1979, og har omfattande erfaring med protetiske tannerstatningar og implantatprotetikk. I tillegg til vanlege protetiske erstatningar har han arbeidd mykje med pasientgrupper med medfødde og erverva defektar som krev heilt spesielle protetiske løysingar.

Størksen II

Sidan 1988 har Størksen vore ansvarleg for oral og maxillofacial protetikk ved Kjevekirurgisk avdeling, Haukeland Universitetssykehus. Han er også tilsett ved tannhelsetjenestens kompetansesenter vest. Med fagleg tyngde og ein stor porsjon humor styrka han sitt omdømme som dyktig og engasjerande førelesar.

Tone Nord

Overtannlege Tone Nord losa deltakarane gjennom fagprogrammet begge dagane av samlinga. 

Innstillinga frå Stortingets helse- og omsorgskomite vart kjent få minutt før fylkestannlegens avslutning av etatssamlinga. Nyheita om at det ikkje blir fleirtal i Stortinget for overføring av tannhelse til kommunane frå 2020 utløyste applaus blant deltakarane.

 

Innsjekk

Like før...

Innsjekk

Innsjekk og registrering

Blide medarbeidarar !

Blide medarbeidarar !

etatssamling 4

 

etatssamling 5

Gåver til medarbeidarar med 25, 40 og 50-års tenestetid !

etatssamling 6
Klart for fest

Klart for fest

Team Kristiansund

"Team Kristiansund" vann kahooten, og fekk premie av quizmaster Ingrid Walstad Larsen

Konsert med elevgruppa "Lærlingan"

Konsert med elevgruppa "Lærlingan"

Lærlingan

Lærlingan

BS
Etatssamling2017