Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > IA-samarbeidsavtale for tannhelsetenesta

IA-samarbeidsavtale for tannhelsetenesta

Tannhelsesektoren har no fått eigen samarbeidsavtale med NAV om eit meir inkluderande arbeidsliv.

IA-avtale

30. juni underteikna fylkestannlegen v/kontorsjef Morten Larsen, tillitsvald og sektorverneombod Laila Aas Dyrøy og NAV Arbeidslivssenter v/Frode Børstad IA-avtalen, som stadfestar at tannhelsesektoren er ansvarleg for å følgje opp måla i intensjonsavtalen.

Samarbeidsavtalen legg klare plikter på arbeidsgivar og på arbeidstakar. Samstundes får IA-verksemder særlege rettar og tett oppfølging av Arbeidslivssenteret som er knytt til NAV på fylkesnivå.

Den nye IA-avtalen har som overordna mål å førebygge og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet, betre arbeidsmiljøet og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. IA-avtalen har tre delmål på nasjonalt nivå:

  • Reduksjon i sjukefråværet på 20 prosent samanlikna med nivået i andre kvartal 2001. Det inneber at sjukefråveret på nasjonalt nivå ikkje skal overstige 5,6 %.
  • Auka sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne
  • Yrkesaktiviteten etter fylte 50 år skal forlengast med seks månader (samanlikna med 2009).

IA-avtalen for tannhelse skal følgjast opp med utarbeiding av delmål tilpassa tannhelsesektoren, med forslag til handlingsplan og tiltak. IA-måla for tannhelsesektoren må m.a. spegle utfordringar som blir avdekt gjennom arbeidsmiljøkartleggingar i 2011. Forslag til mål, handlingslplan og tiltak skal behandlast i samarbeids- og arbeidsmiljøutvalet for tannhelsetenesta (SAMU-T) seinare i haust.

Kontaktpersonar

Morten Larsen Morten Larsen
Kontorsjef/ administrativ nestleiar
71 25 87 74
Send e-post

Dokument

IA-samarbeidsavtale
PDF-dokument - 691,21 kB