Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klage

Den offentlege tannhelsetenesta har eigne retningsliner for handsaming av klager som gjeld tilbod og behandling på offentleg tannklinikk. Føremålet er å sikre rettstryggleiken til pasienter og tilsette, samt å førebygge seinare klager.

Ei klage skal som hovudregel rettast til den tannklinikken/tilsette som det vert klaga på. Ei avgjerd her kan ein anke til overtannlegen i distriktet, og overtannlegen si avgjerd kan ein anke til fylkestannlegen. Fylkestannlegen si avgjerd kan ein anke til fylkesutvalet eller til Fylkeslegen i Møre og Romsdal, avhengig av kva klaga gjeld.   Klage på privatpraktiserande tannlegar vert ikkje behandla av Den offentlege tannhelsetenesta/fylkestannlegen. Klagen bør i første hand rettast til vedkomande tannlege. Om det ikkje vert oppnådd semje, kan klagen rettast til klagenemnda i den lokale tannlegeforeninga eller til Fylkeslegen.  

 - Klagenemnd for Nordmøre og Romsdal tannlegeforening: Tannlege Per John Halvorsen Nedre Enggt. 6 6509 Kristiansund Tlf.: 71 67 90 37  

- Klagenemnd for Sunnmøre tannlegeforening: Tannlege Arne C. Heggholt Keiser Wilhelmsgt. 44 6003 Ålesund Tlf.: 70 12 22 94  

Contacts

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 25 87 70
Send e-mail