Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Kristiansund kompetanseregion på Opuskurs

Kristiansund kompetanseregion på Opuskurs

Denne veka det kurs i Kristiansund kompetanseregion. Deltakarane var samla for tips og triks til en betre kvardag med Opus.

Klinikkar frå regionen var samla på Hotell Scandic i Kristiansund til eit vidaregåande heldagskurs i Opus Dental med kurshaldar Gjertrud Tørre Nummestad. Ho gjekk igjennom oppfølging av pasientar og recallsystemet, timebok, effektiv bruk og samarbeid på klinikken, kvalitetssikring og dokumenthandtering, spesialjournalar, statistikk og nyheiter i timebok og journal.

Nummestad tok utgangspunkt i dokumentasjon frå eiget material på klinikkane, blant anna tilgangssystemet og rutinar for listearbeid.

Deltakarane synast det er kjekt å samlast på kurs, og på DTK Kristiansund fortel dei at det var eit matnyttig og lærerikt kurs. Dei ser fram til å bruke dei snarvegane i Opus som kan lette kvardagen på klinikken.

«Også var det utroleg god mat!» seier ein på klinikken.

Foto: Tove Solskjær, Mariam Ahmad og Cathrine Bjerkan.

Kurs 7
Kake
Opus 6.