Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vi treng fleire dyktige medarbeidarar !

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har 38 tannklinikkar i 34 av dei 36 kommunane i fylket, og skal syte for hjelp til heile befolkninga som bur eller mellombels oppheld seg i fylket. Vi gir gratis tannhelsetenester til barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg får 19-20 åringar tilbod om undersøking og tannbehandling til 25% av offentlege takstar. Vi gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg.

Klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Tannhelsetenesta er organisert i 5 tannhelsedistrikt, med ein overtannlege som er fagleg- og administrativ leiar i sitt distrikt. I 2010 hadde tannhelsetenesta 186 tilsette. 

Vi jobbar målretta med å rekruttere og behalde godt kvalifisert personell. Kompetanseutvikling av medarbeidarane er eit viktig satsingsområde i vår nye arbeidsgivarpolitikk.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår for nye medarbeidarar:

For tida har vi desse ledige stillingane:

Stilling Klinikk Kontaktperson Stillings-
info
Kommune-
info
Tannhelsesekretær 100% fast stilling, ledig frå 1.7.2012 Kristiansund Overtannlege Bjørn Eggen, tlf. 45001537 elektronisk
  søknads-
  modul
Kristiansund kommune
Tannhelsesekretær 100% fast stilling, ledig frå 1.8.2012 Kristiansund Overtannlege Bjørn Eggen, tlf. 45001537 elektronisk
  søknads-
  modul
Kristiansund kommune

Fullstendig utlysingstekst og søknadsskjema finn du her: https://rekruttering.mrfylke.no/enterprise

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Ein tydeleg medspelar

Kontaktpersonar

Morten Larsen Morten Larsen
Kontorsjef/ administrativ nestleiar
71 25 87 74
Send e-post
Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 25 87 70
Send e-post

Ein tydeleg medspelar

Møre og Romsdal fylkeskommunen har regionalpolitisk ansvar for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Vårt unike samfunnsoppdrag gir meiningsfulle og utviklande arbeidsplassar.

Vår felles visjon er ”Ein tydeleg medspelar”. Vi vil vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt.

Om å jobbe i den offentlege tannhelsetenesta

"Som arbeidstakar i fylkeskommunen blir du også del av eit større fagleg nettverk med høg kompetanse. Du har gode kolleger og mulegheit for karriereutvikling innad i organisasjonen. Du får ein trygg og meningsfull arbeidsplass, med spennande og varierte oppgåver !"

Les meir her.

Dokument