Leiarsamling i tannhelsetenesta
28. og 29. april 2011 var alle overtannlegar, klinikkleiarar og sektortillitsvalde samla på Rica Seilet i Molde. Leiarsamlinga hadde fokus på organisasjonsutvikling og leiarstruktur i tannhelsetenesta i lys av ny arbeidsgivarpolitikk.
Dag 1 av samlinga var i hovudsak via leiarrolla i tannhelsetenesta. Fylkestannlege Anthony Valen vektla den viktige rolla mellomleiaren har i profesjonsbaserte organisasjonar. Leiarskap er emosjonelt arbeid, og leiing må handle om å forsterke det positive, med løysingsfokuserte tilbakemeldingar som verkar framtids- og læringsorienterte. Ein kultur som er kjenneteikna av dialog og gode tilbakemeldingar gjer det også lettare å ta opp vanskelege tema. Som leiarar må vi vere medvitne dei basale behova menneske har for å bli sett og verdsett. Vi må gjere kvarandre gode og lære av kvarandre. Det skapar teamfølelse, motivasjon og lyst til å gjere det enda betre.
Anthony gikk gjennom prinsippa for linjeleiing og korleis beslutningsstrukturen skal fungere i tannhelsetenesta i forhold til plan og styring, spesielt med tanke på LEON-prinsippet i dagleg oppfølging av medarbeidarane. Medarbeidar- og utviklingssamtalen er eit viktig leiarverktøy, og overtannlegane og klinikkleiarane vart utfordra på korleis dette konkret skal gjennomførast i det enkelte distriktet.
Møtedeltakarane fekk høve til å reflektere i grupper rundt spørsmålet “Kva betyr det for deg å vere leiar ?”
Personalsjef Dag Lervik tok deltakarane med inn i fylkeskommunens "Arbeidsgivarpolitikk for framtida" og vektla leiar-medarbeidarrelasjonen som føresetnad for å utvikle kulturar for læring. Relasjonsleiing og –kompetanse står sentralt i arbeidsgivarpolitikken, og leiarane blir utfordra på både å inspirere og rettleie sine kompetente medarbeidarar, og gje dei autonomi og fleksibilitet.
Målet er ein organisasjon der kompetanse- og utviklingstiltak er ein del av kjerneverksemda. Vi skal stimulere og legge til rette for læring, refleksjon over eigen praksis og vere oss bevisst verdien av kunnskapsdeling. Fylkeskommunen skal framstå med vilje til utvikling for å skape best mogleg kvalitet på tenestene. Tiltak som allereie er etablert i kjølvatnet av ny arbeidsgivarpolitisk plattform inkluderar introduksjonsprogram for nytilsette, ein arena for internopplæring/”Fylkesakademiet”, årleg arbeidsgivarpolitikkonferanse og eit rullerande leiarutviklingsprogram (med oppstart hausten 2011).
I "økonomitimen" sette budsjettsjef Bjørn Nerland søkelyset på prinsipp for rammebudsjettering, og konsulent Liv Reidun Mjelve følgde opp med fakturabehandling, budsjettrapportar og månadsrekneskapen.
Det nye intranettet og informasjonsverktøya vart gjennomgått av informasjonsrådgivar Svein Magne Harnes. Samhandling mellom tannhelsetenesta og infoseksjonen og “gode råd når lokalavisa ringjer” var sentrale tema. I denne sekvensen vart det også sett søkelys på utfordringar omkring etikk og lojalitet i forhold kva ein som tilsett kan uttale seg om til media (kritikk av beslutninger etc.). Infoseksjonen fekk med seg ønske om eit betre utval av gode multimediapresentasjonar og brosjyremateriell om både fylket og organisasjonen. Vi må også bli flinkare til å få fram dei “gode sakene” frå tannhelsesektoren i media og på eigen nettside og i SPOR.
Siste økt dag 1 vart via spørsmål rundt klinisk praksis og faglig skjønn ved nødvendig tannbehandling og rutinar rundt journalføring. Fylkestannlegen og distriktsklinikkleiar Elisabeth Nordal stod for innleiinga til desse kjerneområda innan tannhelseverksemda, som vart avrunda med eit gruppearbeid.
Dag 2 av leiarsamlinga, 29. april, vart i hovudsak via HMS-arbeidet og arbeidsmiljøutfordringar . Kontorsjef/administrativ nestleiar Morten Larsen knytte HMS-innsatsen opp mot arbeidsgivarpolitikksatsinga og fylkestannlegens vektlegging av dialogbasert og løysingsorientert leiarskap. HMS-arbeidet er eit leiaransvar som skal inngå i alle aktivitetar, frå langtidsplanlegginga til den daglege drifta. Kvalitetssystemet for HMS er rammeverket som gir leiarane reiskapen for å sikre at det fysiske og mellommenneskelege arbeidsmiljøet blir utvikla til beste for dei tilsette og tenesteproduksjonen. Eit sentralt mål for arbeidsgivarpolitikken er at alle medarbeidarar skal oppleve at dei har eit godt arbeidsmiljø som fremjar trivsel, helse og personleg utvikling.
Den nyleg inngåtte avtalen med Hjelp24 om bedriftshelseteneste for alle tilsette blir viktig i det målretta HMS-arbeidet framover. Arbeidsmiljøkartleggingar og risikovurderingar vil definere innsatsområda for bedriftshelsetenesten. Morten presenterte framdriftsplan for årets arbeidsmiljøkartlegging, der første milepel for klinikkane blir å gjennomføre vernerundar/risikovurdering innan 6. juni.
Avdelingsleder Anders Høe og yrkeshygienikar Venke Dale fortalde om kva Hjelp24 kan tilby og presenterte det nye verktøyet for risikovurdering.
Klart forankra i HMS-satsinga ligg også den nye IA-avtalen, som har som overordna mål å førebygge og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet, betre arbeidsmiljøet og hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Det skal teiknast eigen lokal samarbeidsavtale for tannhelsetenesta om eit meir inkluderande arbeidsliv innan 1. juli. Dei lokale IA-måla skal fastsettast med utgangspunkt i utfordringar på klinikknivå identifisert gjennom føreståande arbeidsmiljøkartlegging. Rådgivar Tove Istad frå NAV Arbeidslivssenter fortalde oss om IA-avtalen og tiltakspakka som NAV kan tilby.
(Alle fotos: Inge Kvalsvik)
Oppdatert: 21.05.11