Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Ny tannlege på DTK Harøya

Kontaktpersonar

Ingrid Walstad Larsen Ingrid Walstad Larsen
Rådgivar
71 28 01 72 /
Mob. 984 86 138
Send e-post

Ny tannlege på DTK Harøya

Carl Caoile er nytilsett tannlege på Harøya i Sandøy kommune, som har omlag 1000 innbyggarar.

Carl er 32 år og utdanna i Ungarn, Debrecen. Han er fødd og oppvaksen i Oslo, på Furuset, men hadde eit ønske om å jobbe på vestlandet då han i vår søkte jobb. Han ønska seg til den offentlege tannhelsetenesta fordi det var ein god stad å starte karriere, og fordi det er ein trygg plass å vekse og utvikle seg som tannlege.

Korleis er det å vere ny tannlege på DTK Harøya?

Det å vere den nye tannlegen på Harøya er både spennande og ganske utfordrande. Særleg når ein skal ta over for ein forgjengar som er så godt kjend, og har vore her så lenge. Eg er heldig for at tannlege Paul Steinshamn valde å jobbe litt lengre, så no har eg både han og sekretær Reidunn Sæterøy til å hjelpe og rettleie meg.