Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Nytilsett tannhelsesekretær og tannlege på DTK Kristiansund

Kontaktpersonar

Mariam Ahmad
Tannlege
Mob. 466 32 619
Send e-post
Cathrine Bjerkan
Tannhelsesekretær
Send e-post

Nytilsett tannhelsesekretær og tannlege på DTK Kristiansund

Tannhelsesekretær Cathrine Bjerkan (19) og tannlege Mariam Ahmad (27) jobbar på DTK Kristiansund. Cathrine er frå Kristiansund, og Mariam kjem frå Lillestrøm utanfor Oslo. Dei er begge tilsett siste året, og trivst på klinikken.

Frå venstre: Cathrine Bjerkan og Mariam Ahmad på behandlingsrommet.

Cathrine gjekk på helse og omsorgslinja på vidaregåande skule både i Tromsø, Ålesund og i Kristiansund, og hadde lenge eit ønske om å bli tannpleier medan ho gjekk på skole. Ho utdanna seg til tannhelsesekretær og synst det er fint at ho har fått jobb i heimstaden.

Mariam vart ferdigutdanna i Polen i 2013 og jobba som privatpraktiserande tannlege i Lofoten før ho vart tilsett i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Mariam fortel at ho har to eldre søsken som er lege, og at ho bestemte seg for å søke på tannlegestudiet i siste liten.

Fint å hjelpe pasientar

Mariam fortel om eit godt miljø på klinikken, og på Nordmøre: «Det er veldig hyggeleg her! Det er litt annleis frå storbyen Oslo, litt stille og roligare. Det er lett å finne på ting å gjere på fritida, og kollegane mine er veldig trivelege». Cathrine trivst også veldig godt i jobben: «Eg synst det er morosamt å jobbe i den offentlege tannhelsetenesten fordi ein treffer veldig mykje trivelige folk. Ingen dag er lik!». Cathrine seier ho har inntrykk av at dei gjør ein viktig jobb, og har stor glede av å kunne hjelpe pasientar. Dei fortel at dei tilsette på klinikken er flinke til å finne på sosiale aktivitetar utanom jobb: «Vi har julebord kvart år og Mariam lagde pakistansk mat til alle i sommar. Vi har også vore på fjelltur på Freikollen og i sommar hadde vi sommaravslutning på Smøla til ein kollega» fortel dei.