Stimulering til spesialistutdanning og rekruttering av spesialistar
Fylkesutvalet har i møte 26. september, sak U-124/11, samrøystes slutta seg til fylkesrådmannen sine forslag til tiltak for stimulering til spesialistutdanning og spesialistrekruttering i den offentlege tannhelsetenesta.
Tannhelselova pålegg fylkeskommunen eit ansvar for å sørgje for at tannhelsetenester, herunder spesialisttenester, i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som oppheld seg i fylket. I fylkesutvalssaka er det vist til samarbeidet med Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommunar om opprettinga av "Tannhelsetjenestens kompetansesenter for Midt-Norge IKS" (godkjent av fylkestinget i sak T-91/09, jf. fylkesutvalssak 150/09 A og sak U-70/09).
Oppretting av regionale odontologiske kompetansesentra er ei sentral føring i St.meld 35 (2006-2007). Fylkestinga i dei tre fylkeskommunane har bestemt at det regionale kompetansesenteret skal byggast opp desentralisert etter ein nettverksmodell, m.a. slik at spesialistane ikkje skal sentraliserast, men vere plasserte i dei tre fylka ved dei offentlege og private klinikkane. Modellen svarar på utfordringane i St.meld 35 om eit kompetanse- og kvalitetsløft for tannhelsetenesta.
Ein viktig føresetnad for modellen er å sikre god tilgang på spesialistar i nettverket. I lys av nettverksmodellen er fylkesrådmannen opptatt av å vidareutvikle målretta stimuleringstiltak til spesialistutdanning og rekruttering av spesialistar inn i den offentlege tannhelsetenesta.
Oppdatert: 08.11.11
