Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Studiekameratar på DTK Hareid

Kontaktpersonar

Ingrid Walstad Larsen Ingrid Walstad Larsen
Rådgivar
71 28 01 72 /
Mob. 984 86 138
Send e-post
Inghild Kristina Rose Norton
Tannlege
Mob. 412 13 916
Send e-post
Emma VanThi Nguyen
Tannlege
Mob. 481 34 229
Send e-post

Studiekameratar på DTK Hareid

Emma Van Thi Nguyen (24) og Inghild Kristina Rose Norton (31) er nytilsette tannlegar på DTK Hareid. Dei studerte saman på tannlegestudiet, og er glade for at dei har begynt å jobbe på same klinikk.

Flytter heim

Inghild kjem i frå Ålesund, men har dei 10 siste åra budd i Oslo. Før ho valde å bli tannlegestudent gjekk ho Veterinærhøgskulen og vart utdanna dyrepleier. Ho jobba nokre år som dyrepleiar før ho fekk ei ekstra interesse for tannhelse, og derav kom ideen om å starte på tannlegestudiet. Ho gjekk på Universitetet i Oslo, saman med tannlege og kollega Emma. Inghild og Emma er begge nye tannlegar på klinikken i Hareid, og er glad for at dei fekk jobbe på same stad. «Eg søkte jobb i Møre og Romsdal  fordi eg ønska å flytte tilbake til vestlandet. Østlandet byr på mykje, men når ein er oppvakse med fjord og fjell så opplevde eg at dette vart eit sakn med tida. I tillegg så var det også svært hyggeleg å kunne bu litt nærare familien. Eit pluss var også at Emma hadde søkt seg til fylket. Tannlegehøgskulen rangerar kulla alfabetisk, så eg og Emma har alltid vore på same klinikkgrupper, og har ein del fartstid saman når det kjem til samarbeid både på klinikk og under annan undervisning. Så det var jo veldig stas at vi hamna på same klinikk», fortel Inghild

Tannlege frå Austlandet

Emma kjem frå Oslo, og hadde praksiserfaring frå tannklinikken i Ørsta under studietida kor ho trivds svært godt. Med bakgrunn i praksiserfaringa i Ørsta og DOT, samd eit ønske om varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, søkte ho seg tilbake til Sunnmøre då det vart utlyst ledig stilling. «Det er veldig lærerikt å jobbe i det offentlege», seier Emma. «Ein møter pasientar i alle aldersgrupper, arbeidsoppgåvene er allsidige og ein får oppleve spennande kasus. Det er veldig fint å ha ein kollega som ein kan diskutere problemstillingar og behandlingsplan med. Begge trivst svært godt med å jobbe med barn, derfor var det eit ønske om å få jobb i det offentlege då vi begge framleis gjekk på studiet.» fortel ho. Inghild er einig med Emma: «Under studiet hadde vi praksis i fem veker i den offentlege tannhelsetenesta. Eg opplevde i denne perioden DOT som ein positiv arbeidsplass med ulike arbeidsoppgåver og stor variasjon med pasientar. Eg set stor pris på å jobbe med dei ulike gruppene som inngår i det offentlege. Det er også inspirerande å sjå kor reflekterte borna er, og dei kan ofte minne oss på ein del synspunkt som vi vaksne har gløymd av. Dessutan kan dei gi oss ein god latter i løpet av dagen!».

Fredagskake

Inghild fortel at ho som ny tannlege synset det har vore flott å starte opp på DTK Hareid: «Det har vore ulike utfordringar sidan dag ein, og eg har opplevd fantastisk positive pasientar som har tatt godt i mot oss som nye. Eg må også nemne at det er stor stas med dei fine kollegane vi har på klinikken, det er eit godt miljø og rom for faglege diskusjonar», seier Inghild. Emma fortel at dei møter blide og nysgjerrige pasientar kvar dag. Ein spesiell dag skil seg ut frå dei andre i løpet av ei veke: «Kvar fredag gjer vi noko koseleg saman i lunsjen, enten vaflar, kake eller annan kos!» fortel dei.