Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Takstar

Betalingssatsane i Den offentlege tannhelsetenesta er fastsett slik at enkelte behandlingsformer har ein fast stykkpris (stykkprisdebitering), medan andre behandlingsformer skal betalast etter medgått tid (tidsdebitering). Ved tidsdebitering skal det betalast for den tid behandlinga tar + den tida som går med til journalføring.  Tidsforbruk inntil 10 minutt blir debitert med 10 minutt, og vidare blir det debitert pr. påbegynte 5-minutt.
 

Behandling utført av tannlege

Behandling utført av tannpleiar

  Høg sats Fast timesats
Timehonorar kr. 1.617,- pr time kr. 924,- pr time
Aktuelle behandlings-former Kirurgiske inngrep, rotfyllingar, midlertidige fyllingar og permanente fyllingstypar som det ikkje er fastsett stykkpris for. Opplæring til eigenomsorg, tannrens, puss og polering av fyllingar m.v.

For dei mest vanlege behandlingsformene utført av tannlege gjeld følgjande prisar:

Behandling utført av tannlege:

Timepris

Stykkpris
Konsultasjon / undersøking 1.467 408
     
Fylling, 1 flate
1.617 482
Fylling, 2 flater 1.617 935
Fylling, 3 flater 1.617 1155
Fylling, 4 flater eller meir 1.617 -
     
Røntgenundersøking, 2 bilder (BW) - 176
Bedøving - 130
Førebyggjande behandling (fluorterapi, tannrens m.v.) 1.467 -
     
Heilkrone utan stift i porselen/gull (PG-krone) * 1.617 3.190
Heilprotese i ein kjeve * 1.617 3.503
     
Ukomplisert ekstraksjon av 1 tann eller tannrot 1.617 489
Anna kirurgisk og oralkirurgisk behandling ** 1.617 -

* I samband med protetiske arbeid kjem utgifter til tanntekniske arbeid i tillegg til oppgitte prisar.

** Ved større kirurgiske inngrep kan utgifter til eingangsutstyr og sterilt spesialutstyr leggast til oppgitte prisar.

Tid som går tapt fordi pasient ikkje møter til timen, avbestiller mindre enn 24 timar før avtalt tid eller er for sein til avtalt time blir debitert med 80 % av låg timesats.

Fullstendig oversikt over prisar på alle typar behandling finn du under "Dokumentar" i høgre kolonne på denne sida.

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 25 87 70
Send e-post

Dokument

Taksthefte 2012
PDF-dokument - 50,38 kB