Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Tannhelse blir ikkje flytta til kommunane frå 2020

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Tannhelse blir ikkje flytta til kommunane frå 2020

Stortinget stemte 8. juni nei til overføring av den offentlege tannhelsetenesta.

Regjeringa ville flytte ansvaret for tannhelsetenesta til kommunane frå 2020, men fekk ikkje fleirtal for dette på Stortinget. Tannhelse blir inn til vidare eit fylkeskommunalt ansvarsområde. Samtidig blir det opna for at kommunar som ønskjer det, kan søke om å få overta ansvaret frå 2020 som ei forsøksordning. Forsøkskommunane skal følgjeevaluerast fram til 2023.

Forslaget om overføring har møtt sterk motstand frå eit samla odontologisk fagmiljø, fylkeskommunar, kommunar, KS og fagorganisasjonar.

I fylkeskommunen sitt høyringsinnspel hausten 2016 i samband med oppgåvemeldinga, vart det lagt vekt på at regjeringas forslag ville vere eit trugsmål mot dagens likeverdige tannhelsetenester, tenestekvalitet og pasientsikkerheit. Overføring ville medført fragmentering av eit robust fagmiljø, forvitring av tannhelsefagleg leiarkompetanse og behov for omfattande interkommunale løysingar.

Mer informasjon på Stortinget.no: Endringer i helselovgivningen (overføring av det offentlige tannhelsetjenesteansvaret, lovfesting av kompetansekrav m.m.)