Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Tannhelsetenesta i samarbeid med asylmottak, flyktningtenesta og deira brukarar

Tannhelsetenesta i samarbeid med asylmottak, flyktningtenesta og deira brukarar

Fylkeskommunen skal sørge for at nødvendig tannhelsehjelp er tilgjengelig for alle som bor eller mellombels oppheld seg i fylket, herunder flyktningar, personar med opphald på humanitært grunnlag og asylsøkarar som bor eller oppheld seg i statlege mottak.

Den offentlege tannhelsetenesta gir tilbod til dei som høyrer til dei prioriterte gruppene definert i lov om tannhelsetenester. Flyktningar og asylsøkarar i alderen 0-20 år har som andre barn og unge rett til innkalling og undersøking frå den offentlege tannhelsetenesta.

Ungdom i alderen 19-20 år må betale 25% av takstar i den offentlege tannhelsetenesta. For vaksne gjeld prinsippet om eigenbetaling.

Meir informasjon om rettar:

Behandlingstilbodet

Dei  første fire vekene etter personen er kome  til landet, blir det gitt tilbod om akutthjelp, som til dømes behandling av smerter og infeksjonar. I løpet av dei første 6 månadane skal det gis akutt hjelp og førebels undersøking, og tilbod om primær- og sekundærførebyggande teneste. Tannregulering med fast apparatur er ikkje aktuelt før vedkommande har fått opphaldsløyve og har flytta til permanent bustad.