Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Tannlegar deltek på leiarutviklingsprogram

Tannlegar deltek på leiarutviklingsprogram

Konstituert overtannlege i Molde kompetanseregion, Folkert Seetzen, klinikkleiar ved DTK Bjørgvin Åse Steinsbu, og klinikkleiar Markus Haberberger ved DTK Valldal er i det femte kullet som gjennomfører leiarutviklingsprogram, eit studie på masternivå som utgjer 15 studiepoeng i regi av Høgskolen i Østfold og Akershus, personalseksjonen og Agenda Kaupang.

Folkert Seetzen, Åse Steinsbu og Markus Haberberger.

Eit satsingsområde til Møre og Romsdal fylkeskommune er tilsette si kompetanseutvikling og refleksjon gjennom eigen praksis. Eit tiltak er organisasjonen si leiarutviklingsprogram. Programmet tek utgangspunkt og støttar opp under dei definerte innsatsområdane i arbeidsgivarpolitikken, og har eit mål om å løfte leiarrollen i spenningsfeltet mellom administrasjon og politikk. Av 24 deltakarar frå utdanningssektoren, samferdsel, kulturavdelinga, og administrasjonsavdelinga, har DOT fire representantar i årets kull.

Utvikle leiaregenskapar

Åse Steinsbu fortel at programmet hjelper ho til å få ein meir teoretisk og formell bakgrunn innanfor leiing: «Eg lærer mykje om meg sjølv og mine eigenskapar som leiar. Eg trur det gjer meg til ein betre leiar», fortel ho. «Det å være ein god leiar er ein viktig oppgåve, og det er viktig at ein klarar å levere for sine medarbeidarar og for organisasjonen ein er tilsett i», seier Folkert Seetzen. Markus Haberberger er einig, og fortel at han er interessert i å utvikle seg personleg og fagleg: «Eg får masse ulike innfallsvinklar, eg tenkjer på andre måtar og i andre baner enn før. Det er kjekt å få meir innsyn i leiing». Haberberger seier at han ønskjer å skrive eit eksamensprosjekt som kan bidra til å forbetre utviklingsprosessar i tannhelsetenesta. Han skryt av fylkeskommunen som tilbyr eit slikt leiarprogram: «Det at fylkeskommunen tilbyr eit slikt studie til dei som er tilsett viser at dei er interessert i utvikling».

Tverrfagleg samarbeid

Gjennom teamarbeid på tvers av sektorar, jobbar studentane med ulike problemstillinga innanfor endringsleiing, medarbeidarskap, arbeidsgivarpolitikk, kommunikasjon, samarbeid og relasjonsleiing: «Gruppa er ein sosial gjeng, og ein får innblikk i dei andre si erfaring sjølv om ein har ulik fagbakgrunn. Det er mykje fellesstrekk sjølv om arbeidsoppgåvene er forskjellig, seier Steinsbru. «Det er bra vi er godt representert frå mange ulike avdelingar og sektorar. Alle er ein del av fylkeskommunen, enten ein jobbar som reinhaldar, i samferdsel, i skulesektoren eller i tannhelse», seier Haberberger.

Leiingsprogrammet har eit omfang på 15 månader, og tannlegane leverar sin eksamensoppgåve hausten 2017.

Vi ønskjer dei lukke til med studiane, og gler oss til å høyre meir om utviklingsprosjekta i den offentlege tannhelsetenesta.