Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Tone Nord ny overtannlege i Molde kompetanseregion

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Tone Nord Tone Nord
Overtannlege
71 22 12 39 /
Mob. 954 68 500
Send e-post

Tone Nord ny overtannlege i Molde kompetanseregion

Tone Nord er tilsett som overtannlege i Molde kompetanseregion. Ho tiltrer stillinga 18. mai.

Molde kompetanseregion har åtte distrikstannklinikkar og ein kompetanseklinikk med til saman 50 tilsette. 

Overtannlegen er fagleg og administrativ leiar av den offentlege tannhelsetenesta i kompetanseregionen Molde, som omfattar kommunane Molde, Eide, Fræna, Aukra, Rauma, Gjemnes, Nesset, Midsund og Vestnes, med til saman om lag 65 000 innbyggarar.

Nord (47) har odontologisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1993, og har vore tilsett i den offentlege tannhelsetenesta sidan endt utdanning. Med unntak av to år i Oppland fylke, har ho jobba i Møre og Romsdal, ved distriktstannklinikkane i Eidsvåg, Langevåg, Bjørgvin og Åndalsnes. Ho er busett på Åndalsnes og har vore klinikkleiar ved distriktstannklinikken på Åndalsnes sidan 1998.

Nord var konstituert i overtannlegestillinga i nordre Sunnmøre og søre Romsdal tannelsedistrikt (NSSR) frå mars 2009 og vart fast tilsett i stillinga året etter. Omorganiseringa frå 5 tannhelsedistrikt til 4 kompetanseregionar frå januar 2016 medførte at NSSR opphøyrde som administrativ eining. Nord gikk frå same tidspunkt over i ei stilling som fagkoordinerande overtannlege med ansvar m.a. for kompetansetiltak på tvers av regionane. Leiarkompetansen hennar er komplettert gjennom tilleggsutdanning i organisasjon og leiing ved BI, Oslo og høyskolen i Hedmark.

Ho held fram i funksjonen som klinikkleiar ved DTK Åndalsnes, og dette blir også dagleg arbeidsstad i overtannlegestillinga.

Overtannlegestillinga rapporterer til fylkestannlegen og inngår i leiargruppa. Som overtannlege vil Tone Nord ha det faglege og administrative ansvaret for leiing og utvikling av kompetanseregionen, med vekt på:

  • koordinering av drifta på klinikkane
  • fagleg rettleiing
  • personalleiing og næraste overordna for tannlegespesialistane i regionen
  • kompetanseplanlegging