Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Trønder på Nordvestlandet

Kontaktpersonar

Ingrid Walstad Larsen Ingrid Walstad Larsen
HR-rådgivar
71 28 01 72 /
Mob. 984 86 138
Send e-post
Anders Sørhuus
Tannlege
Send e-post

Trønder på Nordvestlandet

Anders Sørhuus er 24 år og nytilsett tannlege som jobbar på to tannklinikkar i fylket: DTK Averøy og DTK Kristiansund. 

Sørhuus kjem frå Verdal i Nord-Trøndelag, men har no flytta til Nordvestlandet for å jobbe som tannlege. På fritida driv han med golf og alpint. «Eg har hatt lyst til å bli tannlege sidan eg var liten, og med fleire tannlegar i familien visste eg på ein måte kva eg gjekk til», seier Sørhuus. Han søkte jobb i Møre og Romsdal fordi han har ein kjæraste som bur i Molde og studerer til å bli sjukepleiar der. «Eg bur i Molde, så det blir litt pendling, noko som har gått veldig fint så langt. Eg trivst godt mellom fjord og fjell», fortel han.

Ulike kasus på klinikkane

Sørhuus seier han har fått mykje ansvar og store variasjonar i kasus frå dag ein på begge klinikkane. «Eg har alltid gode kolleger rundt meg, som stiller opp og svarar på spørsmål», seier han. Han meinar det morosamaste med å jobbe i den offentlege tannhelsetenesta er alle dei trivelege folka som er innom i løpet av ein dag, og dei flotta kollegane han jobbar med. Han trekk også fram at dei skal ha internkurs i maskinell endodontibehandling, noko som er eit positivt tiltak.