Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Tannhelse > Vegval for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal - regional delplan

Vegval for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal - regional delplan

Fylkestannlegen startar no arbeidet med ein regional delplan som skal gjere greie for sentrale utviklingstrekk, utfordringar og strategiske vegval for den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

Fylkestannlegen vil ha nær dialog med leiargruppa, tillitsvalde og kommunane etterkvart som planarbeidet skrid fram.

Planen skal gjennom ein god planprosess medverke til å klargjere premissane og forankre vegvala for den vidare utvilklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Planen skal vere framtidsretta og sette tannhelsetenesta i stand til å møte framtidige utfordringar med rekruttering av nøkkelpersonell for å sikre mest mogleg likeverdige tannhelsetenester i fylket med omsyn til tilgjenge og kvalitet. Planen må identifisere strukturar og organisering som best kan sikre tannhelsetenesta eit kunnskaps- og kompetanseløft til beste for innbyggarane.

Arbeidet med eit innleiande planprogram vil ligge føre i januar 2012, og skal gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Den regional delplanen skal leggast fram for politisk vedtak våren 2013.

Statlege føringar
Stortingsmelding nr 35 (2006‐2007), ”Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning. Framtidas tannhelsetjenestervart behandla i Stortinget i 2008. Stortingsmeldinga varslar reformer knytt til fire område: geografisk utjamning, sosial utjamning, eit kunnskaps‐ og kompetanseløft og eit løft i folkehelsearbeidet. Stortingsmeldinga legg opp til ytterlegare satsing på betre tannhelse gjennom folkehelsearbeidet, forsking og fagutvikling når det gjeld kunnskap om ulikskapar i tannhelse, årsakssamanhengar og metodar og tiltak som har effekt i folkehelsearbeidet.

Arbeidet med regional delplan - tannhelse må spegle desse politiske føringane.

Sentrale utfordringar
Den største utfordringa er å rekruttere og halde på tannhelsepersonell, særleg tannlegar. I Møre og Romsdal er det ein eller fleire tannklinikkar i kvar kommune. Dette kan vere rett sett frå eit brukarperspektiv, men er ei stor utfordring i høve rekruttering av nytt tannhelsepersonell.

Moderne odontologi har bevega seg frå å vere eit handtverksfag til eit biologisk basert medisinsk fagfelt, tilsvarande andre medisinske kliniske spesialitetar. Utviklinga har medført ein aukande grad av spesialisering og fragmentering av fagområde innanfor eit fagfelt som er i rivande utvikling både teknologisk og biologisk. Den allvitande distriktstannlegen som kunne handtere det meste er på vei ut.

Fragmentering av fagområde krev ein ny måte å organisere og å tenke tannhelsetenesta på. Tannlegeutdanninga i dag legg opp til at allmenntannlegen skal kunne støtte seg fagleg til spesialistar som har ein meir inngåande kunnskap på sitt felt.

Dei siste tiåra kan ein dokumentere ei betydeleg betring i folks tannhelse. Primærgruppa barn og unge i fylket har hatt ei svært positiv utvikling sidan 1984 då registreringa av kariesfrie barn og unge starta.

I dette perspektivet gir større faglege fellesskap pasientane tannlegetenester som er meir robuste, forutsigbare og kvalitativt betre. I større faglege fellesskap vil vi kunne optimalisere bemanninga mellom anna med eit meir kostnadseffektivt forholdstal mellom tannlege- og tannpleiarårsverk.

Sidan rekrutteringsproblema i tannhelsetenesta for alvor begynte å gjere seg gjeldande  på midten av 1990-talet, har fylkeskommunen nokre år opplevd sviktande rekruttering til offentlege tannlegestillingar, med få eller ingen norske søkjarar. I ei årrekke har vi hatt mange vakante tannlegestillingar i Møre og Romsdal.

Det er klare teikn på at rekrutteringssituasjonen er i ferd med å betre seg, m.a. som følgje av auke i talet på uteksaminerte tannlegar. Dette gir høve til å bemanne fleire stillingar, men stiller oss samtidig ovanfor den paradoksale situasjonen at det ikkje er budsjettrammer til å handtere ein ønska bemanningssituasjon. Gitt full bemanning på alle tannklinikkene må driftsrammene aukast i vesentleg grad.

Utfordringane tvinger fram ein inngåande analyse av tannhelsetensta sine føresetnader, sterke og svake sider, samt moglegheiter. Ein regional delplan vil identifisere vegvala for  korleis tenesta best kan drivast. Vi må arbeide med framtidsretta mål for verksemda – mål som har pasientane sitt beste i sentrum.

Comments

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 25 87 70
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Kontorsjef/ administrativ nestleiar
71 25 87 74
Send e-post