Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Utdanning

Nærare 300 søkarar til vidaregåande opplæring får i desse dagar tilbod om skoleplass for 2017/ 2018.

Mange av søkarane til vidaregåande opplæring som hadde frist 1. februar er ferdig saksbehandla og får no tilbod om skoleplass for kommande skoleår tilsendt.

Dei som får melding om tidleg inntak er søkarar som har rett til fortrinn og ein del av dei som har rett til individuell vurdering i inntak til vidaregåande opplæring.

Les meir

Ingrid Gine Eidsvik er ny rektor ved Upa skole

Ingrid Gine Eidsvik (49) har takka ja til stillinga som rektor ved UPA skole. - Eg er glad for å ha fått jobben som rektor ved Upa skole, og ser fram til å samarbeide vidare med dyktige kollegaer som har eit sterkt engasjement for elevane våre. Dette både i høve det tilbodet dei får ved skolen vår, og korleis dei skal klare å gjere seg nytte av tilbod og tiltak ved heimeskolane sine.

Les meir

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2017-2021

Kvalitetsplanen for perioden 2017-2021 er no sendt ut på høyring. Høyringsfrist er 19.04.2017.

Les meir

Skoleruta for Møre og Romsdal

Skoleruta for skoleåra 2016/2017 til og med 2019/2020 er vedteken.

Les meir

Søkartala er klare: Færre søker yrkesfag

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3634 ungdomar søkt om skoleplass på Vg1, for skoleåret 2016/2017.  – Dette er 113 færre enn i fjor. Årsaka er nok eit mindre årskull, og ein nedgang i talet på elevar som gjer omval, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Les meir

10 år med samspel, innovasjon og læring

Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) fyller i år 10 år og markerer dette med ulike arrangement i landet. 

Les meir

Stor internasjonal pris til NDLA

Norske NDLA (Nasjonal digital læringsarena) er tildelt Open Education Awards for Excellence 2017. Prisen er gjeven av Open Education Consortium. Hovudkriterium er openheit, originalitet og aktualitet.

Les meir

Konkurrerte om å delta i NM

Onsdag arrangerte Borgund vidaregåande skole Fylkesmesterskap for fire yrkesfag.

Les meir

Auka satsing på internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Godt over 1000 elevar frå vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal deltok i eit eller fleire internasjonaliseringsprosjekt siste skoleår. Det er flest elevar frå Nordre Sunnmøre som deltek. Dette viser ein rapport som vart behandla i utdanningsutvalet sist veke.

Les meir

-Fagarbeidarar er viktige aktørar for framtida vår

I februar og mars blir det arrangert samlingar for 2.års lærlingar som skal ta fagbrev eller sveinebrev i løpet av 2017. Påmeldingsfristen er 22. februar. 

Les meir

Kontaktinfo Utd

Møre og Romsdal fylkeskommune
Utdanningsavdelinga
Postboks 2500, 6404 Molde
Telefon: 71 28 00 00
Inntak: 71 28 01 50

E-post: utdanning@mrfylke.no 

E-post: inntak@mrfylke.no

Om utdanningsavdelinga

Utdanningsavdelinga har det administrative skoleeigaransvaret for dei vidaregåande skolane i fylket, vidaregåande opplæring i bedrift og fagskole.  Det er i dag 25 skolar og om lag 1300 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innanfor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar. 

UNGWeb

Dokument

Skolebruksplan 2017-2020 - på høyring
PDF-dokument - 470,31 kB
Skolebruksplan 2017-2020 - høyringsbrev
PDF-dokument - 781,44 kB
Skolebruksplan 2016-2019 Vedtak
PDF-dokument - 147,66 kB
Vedlegg 1a til skolebruksplana 2016-2019
PDF-dokument - 157,53 kB
Vedlegg 1b til skolebruksplana 2016-2019
PDF-dokument - 141,16 kB
Årshjul for kontaktlærarar 2016
PDF-dokument - 130,95 kB
Plan for rusarbeid revidert 2017
PDF-dokument - 1,68 MB
Kompetanseutviklingsstrategien 2014-2018
PDF-dokument - 191,51 kB
Ordensreglement
PDF-dokument - 531,59 kB
Kvalitetsplanen 2017 - 2021
PDF-dokument - 506,43 kB
Årshjul for kvalitetsarbeid
PDF-dokument - 184,65 kB