Ny, Utsett og Særskild Eksamen
Kva er ny, utsett og særskild eksamen? Kven har rett til det? Kva må du gjere for å få gå opp til ny, utsett eller særskild eksamen?
NY Eksamen - for elevar i vidaregåande opplæring (Forskrift Oppl.lov. § 3-34)
Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.
SÆRSKILD Eksamen - for elevar i vidaregåande opplæring (Forskrift Oppl.lov. § 3-33)
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.
UTSETT Eksamen - for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring (Forskrift Oppl.lov. § 3-35)
Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved ordinær eksamen og særskild eksamen, eller ein elev som har dokumentert fråvær ved ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.
Fråvær frå eksamen blir rekna som dokumentert når eleven eller privatisten er hindra frå å møte til eksamen, hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på dette.
Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.
SVAR på oppmeldingsskjema til skolen innan fristen
For å få gå opp til ny, utsett eller særskild eksamen, må du sjølv syte for å svare på tilsendt oppmeldingsskjema frå skolen, i god tid før fristen går ut. Saman med oppmeldingsskjemaet vil du få ein oversikt over kva for fag du kan melde deg opp i.