Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Standpunktkarakterar

Sluttvurderinga til elevane i fag er standpunktkarakter. Standpunktkarakteren blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag.

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket.

Standpunktkarakteren skal baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget.

Eleven skal ha høve til å forbetre kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett.

Eleven skal bli gjort kjent med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakteren.

Dersom det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter skal rektor fatte enkeltvedtak. Då må eleven vere varsla.

Standpunktkarakter i Orden og Åtferd

§3-19 gir føringar for standpunktkarakterar i orden og åtferd. Elevane i vidaregåande opplæring skal ha standpunktkarakterar når dei avsluttar opplæringa i skole. Karakterane skal setjast etter at opplæringa er avslutta.

Klage på standpunktkarakterar

Standpunktkarakterar er eit enkeltvedtak og kan klagast på etter reglane i kapittel 5 i forskrift til Opplæringslova.

Elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar kan klage. Føresette til umyndige elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar har sjølvstendig klagerett.

Avgjerda i klagesaka er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fristen for å klage på vedtak som gjeld standpunktkarakterar er 10 dagar.

Klaga skal vere skriftleg og underskrivast klagaren. Klaga skal leverast til skolen, som sender dokumenta over til klagenemnda med uttale frå faglærar og rektor. Klagar skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen kan berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.

Contacts

Kristin G.  Vonheim Kristin G. Vonheim
Rådgivar
71 25 87 86
Send e-mail
Helene Loe Arntsen
Leder
71 25 80 69 /
Mob. 905 90 289
Send e-mail
Oddlaug Herje Hovdenak
Rådgivar
71 25 87 84 /
Mob. 951 24 753
Send e-mail
Beate Æsøy Beate Æsøy
Rådgivar
71 25 87 81 /
Mob. 41 30 55 12
Send e-mail

Dokument

Orientering om klagerett
PDF-dokument - 71,85 kB
Informasjonshefte standpunktklager
PDF-dokument - 499,24 kB