Elevforsikring
Møre og Romsdal fylke har teikna ei ulykkesforsikring som dekkjer elevar. Maksimal utbetaling er 5 G – ved 100 % invaliditet . 5G er om lag kr. 365.000,-. Behandlingsutgifter som ikkje blir dekt av NAV på inntil 1G kan søkjast erstatta under elevforsikringa.
Møre og Romsdal fylke har teikna ei ulykkesforsikring som dekkjer elevar. Maksimal utbetaling er 5 G – ved 100% invaliditet . 5G er om lag kr 365.000,-. Behandlingsutgifter som ikkje blir dekt av NAV på inntil 1G kan søkjast erstatta under elevforsikringa.
Elevforsikringa gir ei erstatning som ikkje er stor nok om skaden er omfattande. Vi vil difor råde til at foreldra forsikrar barna. Private barneulykkeforsikringar gjeld vanlegvis 24 timer i døgnet og forsikringssum på inntil 25 G er ikkje uvanleg.
Ulykkesforsikring for elever
Elevar er alle som har teke i mot tilbud om videregående opplæring i Møre og Romsdal, også lærlingar, lærekandidatar og dei som er utplasserte på ein arbeidsplass når dette er ein del av den vidaregåande opplæringa.
Utdrag frå forsikringsvilkåra:
”Med ulykke forstås skade på legemet forårsaket av en plutselig og uforutsett hendelse av ytre påvirkning.”
Når og kvar gjeld forsikringa:
"a) Innenfor skolens område og naturlige nærområde under ordinær skoletid.
b) Under deltakelse i undervisning, leker, idrettsutøving, stevner reiser, ekskursjoner m.m. og som foregår under skolens ledelse.
c) På direkte vei til og fra skole.
d) Under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som en del av undervisningen."
Kva er dekt under forsikringa:
Ulykkeskade som fører til varig medisinsk invaliditet gir rett på erstatning, maksimalt 5,0G.
Dødsfall som følgje av en ulykke: 0,5 G.
Samla erstatning ved invaliditet og død: maksimalt 5,0 G.
Behandlingsutgifter:
Utgifter som ikkje blir dekt av NAV i forbindelse med behandling etter ei ulykke kan søkjast erstatta. Gjeld tannbehandling, fysikalsk behandling foreskrive av lege eller reise til og fra heimstaden for behandling eller forpleining i sjukehus.
Behandlingsutgifter betalast i inntil 3 år fra skadedagen begrensa til 1G. (G er p.t. 72.881.) Frå erstatninga blir det trekt ein egenandel på kr 1.000,-. Ta vare på alle kvitteringar!