Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/09/18/11/46/lighthouse-945489__180.jpg

Karriererettleiing for elevane i grunnopplæringa

Elevar har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. 

Fylkeskommunen ønskjer å gi god karriererettleiing i grunnopplæringa for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Kan du ta eit bevisst val av vidaregåande opplæring?

Veit du kva moglegheiter og utfordringar du møter innanfor dei ulike utdanningsprogramma?

Dette skal karriererettleiinga hjelpe deg med å gi svar på. 

Karriererettleiinga skal hjelpe elevane til: 

  • Bevisstgjering, kunnskap om seg sjølv, eigne interesser og føresetnader
  • Kunnskap om yrkes- og utdanningsvegar
  • Utprøving i praksis

 

Karrieredagane

Kvar haust blir alle elevar i 10. klasse invitert til Karrieredagane.  Gjennom praktiske øvingar og informasjon frå næringslivet skal elevane få kunnskap om yrkesmoglegheitene i Møre og Romsdal generelt, og dei ulike regionane spesielt.

Her finn du løysningsforslaget til karriererettleiingsheftet.
http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanningny/Raadgiving-og-oppfoelging/Hospitering-i-vidaregaaande-skule

Hospitering i vidaregåande skule

I november kvart år blir alle elevar i 10. klasse invitert til å hospitere i vidaregåande skule. Kvar elev vel 2 utdanningsprogram og hospiterer ein skuledag på kvar utdanning. Tidlegare elevar tilrår å delta på hospiteringa fordi det er svært nyttig for elevane når når dei skal ta ei avgjer om val av vidaregåande utdanning.

Dei vidaregåande skulane tek imot cirka 7000 dagsbesøk i samband med hospiteringa!

Arbeidshefte om karriererettleiing

Alle elevar i 10. klasse får eit arbeidshefte som skal vere ein ressurs for elevane, lærarane og dei føresette i prosessen med å velje vidaregåande utdanning.

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post

Dokument

Hefte om karriererettleiing
PDF-dokument - 880,66 kB